Avstemmingsinformasjon

Avstemmingsinformasjon oppsummerer opplysningane du har sendt inn i ei eller fleire a-meldingar. Bestill ein rapport for å kontrollere kva for opplysningar du har sendt inn.

Om denne tenesta

Logg inn og bestill avstemmingsinformasjon for å få oversikt over kva for opplysningar du har sendt inn, i ei eller fleire a-meldingar.

Oppgi år og månader informasjonen skal gjelde for.

Etter at du har bestilt, mottek du avstemmingsinformasjon i di oversikt. 

Alle som har sendt a-melding kan bestille avstemmingsinformasjon.

For å bestille treng du ei av desse rollene i Altinn:

  • Utfyllar/innsendar
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar
  • Kontaktperson NUF

Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere dei til deg.

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Avstemmingsinformasjon inneheld opplysningar om:

  • arbeidsgivaravgift
  • forskotstrekk
  • inntektsopplysningar per undereining du har sendt a-melding for
  • innmeldt pensjonsinnretning

Du kan òg bestille opplysningar per inntektsmottakar om:

  • arbeidsforhold
  • inntekter
  • frådrag
  • forskotstrekk

Merk at opplysningar om utleggstrekk ikkje er med i rapporten. 

Den gamle versjonen på Altinn (A06) er framleis tilgjengeleg i ei periode framover. Dersom du ønskjer å bruke den, kan du logge inn her: Altinn - Avstemmingsinformasjon (A06)