Utføre utleggstrekk

Som arbeidsgivar kan du bli pålagt av offentlege styresmakter å utføre trekk i lønn eller anna godtgjersle til ein tilsett dersom vedkomande har krav mot seg som ikkje er betalte innan forfall. Dette heiter utleggstrekk (tidlegare kalla påleggstrekk).

Krav som ligg til grunn for utleggstrekket, kan til dømes vere

  • ubetalt skatt
  • kommunale avgifter
  • meirverdiavgift
  • bidragsgjeld
  • bøter
  • osv.

Døme på offentlege styresmakter som kan påleggje utleggstrekk, er alminneleg namsmann (altså namsfut eller lensmann) eller Skatteetaten.

Du pliktar å utføre utleggstrekk

Som arbeidsgivar pliktar du å utføre utleggstrekket, uavhengig av om den tilsette har gitt samtykke til dette. Dersom du ikkje gjennomfører trekk etter pålegget, kan ansvaret for unnlate trekk bli retta direkte mot deg.

Utleggstrekket skal gjennomførast ved sida av forskotstrekket. Trekket skal utførast i samsvar med det mottekne pålegget når du utbetaler eller på annan måte gir oppgjer for lønn eller anna godtgjersle eller yting.

Trekkpålegg

Dersom det er bestemt at ein arbeidstakar skal trekkjast i lønn, vil du som arbeidsgivar få eit trekkpålegg. Her står det kor mykje du skal trekkje, og kor lenge trekket skal vare.

Styresmakta som pålegg utleggstrekket, vil rekne ut kor stort trekket skal vere og bestemme i kva periode det skal gjennomførast. Trekket kan vere eit fast månadleg beløp eller ein bestemt prosent av lønna.

Dersom den tilsette avsluttar arbeidsforholdet hos deg medan utleggstrekket er i gang, pliktar du å melde frå til Skatteetaten om dette.

Endring av utleggstrekk

Den tilsette kan klage på utleggstrekket viss det til dømes er sett for høgt. Den tilsette kan også søkje om endring av utleggstrekket dersom den økonomiske situasjonen hans/hennar har endra seg vesentleg. Ved endring av utleggstrekket får du beskjed av Skatteetaten.

Slik betaler du utleggstrekk

Utleggstrekk for skattekrav skal setjast på skattetrekkskontoen saman med forskotstrekket. Du betaler terminvis, med dei same fristane som for forskotstrekket.

Lag KID-nummer og finn kontonummer

Dersom du ikkje utfører forskotstrekk, og dermed ikkje har skattetrekkskonto, skal det trekte beløpet betalast etter trekkpålegget.

Rapportere utleggstrekk

Utleggstrekk for skattekrav skal rapporterast i a-meldinga.

Betalingsfristane er delte på seks terminar, med frist den 15. i månaden etter terminslutt.

Dette skal ikkje rapporterast i a-meldinga

Utleggstrekk gitt av Skatteetaten til dekning av andre krav, som til dømes meirverdiavgift, særavgifter, toll med meir, skal ikkje rapporterast i a-meldinga. Desse skal betalast med KID. Du finn ei fullstendig oversikt over krav som ikkje skal rapporterast i a-meldinga i skattebetalingsforskrifta § 14-5-11.

Utleggstrekk for skattekrav i utbetalingar til sjølvstendig næringsdrivande og andre utbetalingar/ytingar enn det som blir rapportert i a-melding, skal rapporterast i oppgjerslister.

Termin

Skal betalast

1.     termin (januar/februar)

15. mars

2.     termin (mars/april)

15. mai

3.     termin (mai/juni)

15. juli

4.     termin (juli /august)

15. september

5.     termin (september/oktober)

15. november

6.     termin (november/desember)

15. januar året etter

Frå og med 1. termin 2021 skal arbeidsgivarar som har utleggstrekk for skattekrav mot inntektsmottakarar, rapportere dette i a-meldinga. Arbeidsgivarar som har utleggstrekk for skattekrav mot sjølvstendig næringsdrivande, skal rapportere på same måten som før 2021.

Viss du skal sende inn oppgjersliste for eldre terminar/år eller gjere endringar i oppgjerslister som er sende inn, må du laste ned oppgjerslista og sende henne til Skatteetaten.

Last ned, fyll ut og send inn RF-1035:

Oppgjerslista sender du til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo