Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Skjema RF-1088

RF-1088 Aksjeoppgåva

Alle aksjonærar får tilsendt Aksjeoppgåva samtidig med skattemeldinga. Ho gir ei oversikt over aksjane dine i norske aksjeselskap. Aksjeoppgåva inneheld òg utanlandske selskap registrerte på Oslo Børs og eigenkapitalbevis i norske sparebankar.

Logg inn og sjekk RF-1088:

Sjekk aksjeoppgaven

Aksjeoppgåva skal hjelpe deg med å kome fram til rette skattepliktige beløp og bidra til at du får dei frådraga du har krav på i aksjeinntektene dine.

Hugs!

  • Du må kontrollere oppgåva før du gjer deg ferdig med skattemeldinga.
  • Du skal berre levere oppgåva dersom du endrar noko i ho.
  • Dersom du har aksjar eller partar som ikkje er oppførte i Aksjeoppgåva, skal du oppgi og endre dette sjølv. Har du fått skattemelding i nytt format, legg du til opplysningane under temaet Finans. Viss ikkje bruker du skjemaet Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt (RF-1159). Dette gjeld både norske og utanlandske aksjar. 
  • Hugs at endringar i oppgåva kan føre til at du må gjere endringar i skattemeldinga.

Nye reglar for formuesverdiar i nystifta ikkje-børsnoterte selskap inneber at nystifta selskap skal verdsetjast likt som andre ikkje-børsnoterte aksjar til skattemessig formuesverdi.

For deg som har aksjar i eit selskap som vart stifta i 2019, har kjøpt eigne aksjar eller hadde kapitalendringar i 2019, vil det bety at formuesverdien blir ukjend og at formuen ikkje vil vera forhåndsutfylt på skattemeldinga di. Du kan sjølv ta kontakt med selskapet for å få dissa opplysningane.

Skatteetaten vil få opplysningane om formuesverdi frå aksjeselskapet når dei leverer skattemeldinga si. Du får då ei ny aksjeoppgåve (RF-1088R) som viser korrekte formuesverdiar som tidlegare var ukjente og som ikkje var forhåndsutfylt i skattemeldinga. Du vil òg kunna få ei ny aksjeoppgåve etter at du har levert skattemeldinga. Du må då kontrollera opplysningane i ny aksjeoppgåve opp mot levert skattemelding for å sjekka at ho er korrekt. Er den ikkje korrekt må du endra og levera ny skattemelding.

Dersom det kjem nye opplysningar om skattepliktig utbytte og gevinst eller tap, vil du òg få ei ny aksjeoppgåve (RF-1088R) som viser skattepliktige beløp som var ukjente eller ikkje stod i den forhåndsutfylte skattemeldinga. Du må då kontrollera opplysningane i ny aksjeoppgåve opp mot levert skattemelding for å sjekka at ho er korrekt. Er den ikkje korrekt må du endra og levera ny skattemelding.

Vi tilrår at du kontrollerer desse opplysningane i aksjeoppgåva:

Sal og andre realisasjonar

Der Skatteetaten har fullstendige opplysningar om realisasjon av aksjar og utbytte, er desse beløpa utfylte på førehand i skattemeldinga.

Dersom gevinst/tap ikkje stemmer eller manglar, må du endre og levere Aksjeoppgåva. Rett gevinst/tap må du føre i skattemeldinga.

I Altinn finn du ein versjon av aksjeoppgåva som kan korrigerast (RF-1088K). Her kan du endre inngangsverdien på aksjar du har skaffa deg i inntektsåret og vederlag for realiserte aksjar i inntektsåret. Etter eit par dagar får du tilgang til ei ny rekalkulert aksjeoppgåve i Altinn (RF-1088R). I den rekalkulerte oppgåva finn du ny utrekna gevinst eller nytt utrekna tap, det vil seie beløp du skal føre over til skattemeldinga.

Utbytte

Dersom du har endringar eller tilføyingar knytte til utbytte, skal du endre direkte i skattemeldinga. Du kan ikkje endre noko i aksjeoppgåva.

Formuesverdi

Formuesverdien er den skattemessige formuesverdien på aksjane du eig ved utgangen av året. Formuesverdiar av aksjar er førehandsutfylte i skattemeldinga. 

Vil du endre eller leggje til noko under formuesverdi, skal du endre direkte i skattemeldinga. Du treng ikkje endre noko i oppgåva over aksjar og eigenkapitalbevis.

Sjå òg avsnittet over om nye reglar for formuesverdi i nystifta ikkje-børsnoterte selskap der det er omtale av når aksjeoppgåva ikkje har formuesverdi på aksjane dine.

Inngangsverdi

Inngangsverdien på aksjen er det du i utgangspunktet betalte for aksjen inklusive kostnader. Dersom opplysningane om inngangsverdi i oppgåva over aksjar og eigenkapitalbevis er feil eller mangelfulle, må du endre og levere oppgåva.

Utanlandske aksjar som ikkje står i aksjeoppgåva

Aksjeoppgåva inneheld berre opplysningar om utanlandske aksjar som er registrerte på Oslo Børs. Nytt for inntektsåret 2019 er at alle norske bankar og finansinstitusjonar skal rapportere inn behaldningane dine i andre utanlandske aksjar med (formue), gevinst/tap og utbytte til Skatteetaten. Det inneber at du vil få desse førehandsutfylt i skattemeldinga. Kontroller årsoppgåva som du skal ha fått frå banken din.

Aksjeopplysningar som ikkje står i skattemeldinga (formue, utbytte og gevinst/tap).

Leverer du skattemelding i gammalt format (sjå meir om dette nedanfor) leverer du slike opplysningar i skjema «Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt» (RF-1159). Levrar du skattemelding i nytt format, skal du føra slike opplysningar direkte i den nye skattemeldinga. Du skal ikkje levera skjema RF-1159 i tillegg.

Hjelp til utfylling