Skatt når du har overtatt eit dødsbu

Når du har tatt over eit dødsbu, er det ein del du har ansvar for å gjere. Etter kvart skal du også avslutte dødsbuet.

Her hjelper vi deg med å få oversikt over kva du må gjere. 

 

Tips! Les gjennom alle punkta. Rekkjefølgja på det du skal gjere kan variere ut frå kva tid på året dødsfallet skjedde.

Dette skjer – steg for steg:

Ektefellen blir registrert som kontaktperson når dødsfallet blir registrert i Folkeregisteret. Når skifteform er vald, blir den som er ført opp som mottakar av skifteattesten registrert som kontaktperson for dødsbuet.

Kontaktpersonen får tilgang til skattedokumenta til den avdøde på Mi side.

Når skattemeldinga og skatteoppgjeret er klare, sender vi dei på papir til kontaktpersonen. Sjekk om du har tilgang.

De kan endre kontaktperson for dødsboet
Viss de skal endre kontaktperson for dødsbuet, må den som skal vere kontaktperson sende ein skriftleg melding om dette til Folkeregisteret. Kontaktpersonen må leggje ved kopi av skifteattest, og fullmakt og kopi av legitimasjon frå alle arvingane. Legitimasjonen må vise både signatur, fødselsdato, namn og bilete. 

I slutten av mars blir ein leseversjon av skattemeldinga tilgjengeleg for kontaktpersonen for dødsbuet. Vi sender også skattemeldinga i posten til kontaktpersonen.

Logg inn

Åpne skattemeldinga til avdøde

Vi lager ei skattemelding for avdøde for dødsåret. Der bereknar vi skatten både for den avdøde og for dødsbuet.

Når du har fått skattemeldinga for dødsåret, bør du 

  • gå gjennom opplysningane og sjekke at dei stemmer med dokumentasjonen du har fått frå arbeidsgivar, bankar og liknande 
  • endre og levere skattemeldinga på papir viss du oppdagar feil eller manglar
  • sjekke at kontonummeret for utbetaling av skattepengane er rett (Slik endrar du kontonummer) 

Du treng ikkje levere skattemeldinga viss den avdøde har fått ei skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar, og opplysningane stemmer. 

Viss du skal gjere endringar i skattemeldinga til den avdøde, sender du skattemeldinga i posten til oss:

Skatteetaten
Postboks 9200, Grønland
0134 Oslo

Viss du ikkje har fått skattemeldinga for den avdøde innan 15. april, må du sende oss ei melding. 

Du kan søkje om utsett leveringsfrist via kontaktskjemaet vårt. 

Viss den avdøde har fått skattemelding for næringsdrivande, må du fylle ut skattemeldinga og næringsoppgåva med dei opplysningane som manglar. Du må levere skattemeldinga sjølv om det ikkje var aktivitet eller inntekt frå næring. 

Før vi kan avslutte dødsbuet må vi rekne ut kva skatten blir. Viss de er fleire arvingar, kan det vere fint å få avslutta dødsbuet så fort som mogleg. Då kan de be om ei førehandsfastsetting av dødsbuet.

Førehandsfastsetting betyr at de kan sende inn skattemeldinga så snart eigedelar og formue er fordelt til arvingane. De treng ikkje vente til den ordinære skattemeldinga kjem i mars. Etter at vi har behandla skattemeldinga vil de få eit skatteoppgjer, og eventuell skatt til gode vil bli utbetalt.
Slik ber de om førehandsfastsetting 

Viss de ønskjer ei førehandsfastsetting, må de sjølv hente inn informasjon om den avdøde sine inntekter og frådrag frå bankar og eventuelle arbeidsgivarar/pensjonsutbetalarar. 

De må fylle inn informasjonen i skattemelding for førehandsfastsetting. Vi har ikkje ei førehandsutfylt skattemelding som vi kan sende til dykk.  

De må leggje ved 

  • skifteattest 
  • fullmakt frå alle som står oppført som ansvarlege for dødsbuet i skifteattesten

De må rekne ut og dokumentere eventuelle gevinstar/tap ved sal av verdipapir eller eigedom, i form av transaksjonskvitteringar, kontraktar, oppgjersoppstilling med meir. 
 
De kan sende skattemelding for førehandsfastsetting som vedlegg i kontaktskjemaet.

Kven kan ikkje be om førehandsfastsetting?

Ein ektefelle eller sambuar som sit i uskifta bu, kan ikkje be om førehandsfastsetting. Det kan heller ikkje ein arving som overtar dødsbuet aleine.

Person døyr i februar 2024 

Skattemelding for året før dødsåret: 
Kontaktpersonen får tilgang til skattedokumenta til den avdøde på Mi side. Vi sender også skattemeldinga for den avdøde i posten i mars/april. Kontaktpersonen må sjekke skattemeldinga, og levere ho viss det er endringar. Fristen for å levere er 30. april. 
Viss avdøde var næringsdrivande, må kontaktpersonen levere skattemeldinga sjølv om det ikkje er endringar. Leveringsfristen for næringsdrivande er 31. mai.

Skattemeldinga for dødsåret:
Kontaktpersonen for dødsbuet kan velje å levere skattemeldinga for 2024 med ein gong viss dødsbuet skal avsluttast, i staden for å vente heilt til mars 2025. Då må alle kontoar vere avslutta før utgangen av 2024. Eigedommar og eigedelar må vere overførte til nye eigarar, og aksjar må vere selde eller overførte til arvingar. 

Personen døyr i oktober 2024

Skattemelding for året før dødsåret: 
Skattemeldinga til avdøde er allereie levert.

Skattemelding for dødsåret: 
Kontaktpersonen for dødsbuet kan velje å levere ei skattemeldinga for 2024 med ein gong viss dødsbuet skal avsluttest, i staden for å vente heilt til mars 2025. Då må alle kontoar vere avslutta før utgangen av 2024. Eigedommar og eigedelar må vere overførte til nye eigarar, og aksjar må vere selde eller overførte til arvingar.

Skattemelding for året etter dødsåret: 
Viss dødsbuet ikkje er gjort opp før 31. desember 2024, kan kontaktpersonen be om førehandsfastsetjing for 2025 i staden for å vente til mars 2026. 

For å avslutte dødsbuet må eigedelane til avdøde vere selde eller overførte/utdelte til arvingane eller til nye eigarar.

Bustad og eigedommar

Viss overdraginga av ein eigedom blir tinglyst, vil eigedommen vere førehandsutfylt i skattemeldinga for neste år hos den nye eigaren. Viss overdraginga ikkje blir tinglyst, må du sende dokumentasjon på det nye eigarforholdet til oss.

Det er vanleg at eigedomsoverdragingar blir tinglyste på rettmessig eigar. Ein ektefelle som sit i uskifta bu, må overføre avdøde sin eigardel av felles heim, fritidsbustad eller annan type eigedom til seg sjølv. Det same må ein einearving gjere.

Du finn meir informasjon om tinglysing hos Statens kartverk. 

Når eigedommen blir tinglyst, vil eigedommen vere førehandsutfylt i skattemeldinga for neste år hos den nye eigaren. Du treng derfor ikkje å sende informasjon til Skatteetaten i tillegg. 

Viss du ikkje tinglyser eigedommen, må du sende oss dokumentasjon på det nye eigarforholdet slik at vi får oppdatert skattemeldinga. 

Dokumentasjonen må vere datert og underteikna av ny eigar og arvingar, vise kva eigedommar som er overførte og kven som er den nye eigaren.

Du kan sende inn dokumentasjonen så snart salet eller overdraginga er gjennomført. Du kan også sende dette i skattemeldinga og leggje ved dokumentasjon. 

Du kan sende dokumentasjonen som vedlegg i kontaktskjemaet. 

Du kan også sende det i posten til:
Skatteetaten
Postboks 9200 – Grønland
0134 Oslo

Når eit dødsbu sel ein eigedom, er salet alltid skattepliktig. 

Dødsbuet kan krevje frådrag viss det blir eit tap ved salet. Kontaktpersonen skal oppgi gevinsten eller tapet i skattemeldinga for dødsbuet.

Viss skatteoppgjeret for dødsbuet viser eit underskott, vil arvingane ha frådragsrett for sin andel av dette underskottet. Arvingane får fradraget året etter skatteoppgjøret for dødsboet. Viss sal av eigedom skjer frå dødsbuet, skal du som er arving ikkje føre opp gevinsten eller tapet i skattemeldinga di.

Viss du er einearving eller overtar eit uskifta bu, oppstår det ikkje eit dødsbu. Då arva du eigedommen på det tidspunktet dødsfallet inntraff, noko som gjer deg til seljaren av eigedommen.

Les mer om skatt når du skal selge bolig eller annen eiendom  

Bil og køyretøy 

Du må registrere bil eller anna køyretøy over på ny eigar. Ektefelle og barn treng ikkje betale omregistreringsavgift ved arv. Andre arvingar må betale omregistreringsavgift.   

Statens vegvesen sine nettsider kan du lese om sal av kjøretøy etter dødsfall. 

Aksjar og fond 

Aksjar og fond må anten seljast eller overførast til arvingane. 

I Min skatt for avdøde, under Mine skattedokument, kan kontaktpersonen for dødsbuet sjå skatteoppgjeret til avdøde når det er klart.
Vi sender også skatteoppgjeret til den som er registrert som kontaktperson for dødsbuet.
Skatteoppgjeret vil tidlegast vere klart i juni og seinast 30. n
ovember
. 

Viss du som kontaktperson ikkje har fått skatteoppgjeret for avdøde før 1. desember, kan du bestille ein kopi. 

Bestill digitalt ved å bruke kontaktskjemaet vårt.   

Du kan også sende ei bestilling i posten. Send førespurnaden til: 

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

 

Betale restskatt

Viss den avdøde eller dødsbuet har fått restskatt, sender vi ein faktura til kontaktpersonen for dødsbuet. Kontaktpersonen finn betalingsinformasjonen på skatteoppgjeret til den avdøde og dødsbuet.

Restskatten må betalast innan fristen. Du og dei andre som har overtatt dødsbuet er ansvarlege for å betale ein eventuell restskatt.

Endre kontonummer

Du som er ansvarleg for dødsbuet, kan sjølv registrere kva konto du vil ha eit eventuelt tilgodebeløp utbetalt til. På «Min skatt» for avdøde eller dødsbuet kan du sjå kva kontonummer vi vil betale pengane til. Viss det ikkje er registrert eit kontonummer, og skattemeldinga viser pengar til gode, må du registrere eit kontonummer.

Ved privat skifte

Viss det berre er éin arving:  

  • skifteattesten

Viss det er fleire arvingar som har tatt over buet: 

  • skifteattest 
  • fullmakt frå dei andre arvingane 
  • kopi av legitimasjon til arvingane. Legitimasjonen må vise både signatur, fødselsdato, namn og bilete. 

Uskifta bu 

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon. 

Du kan også endre kontonummer i posten. I tillegg til nødvendig dokumentasjon, må du signere førespurnaden og leggje med kopi av eigen legitimasjon. 

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Saksbehandlingstid for endring av kontonummer

Noko er feil i skatteoppgjeret

Viss du oppdagar noko som er feil i skatteoppgjeret, må du  

  • sende inn skattemeldinga på nytt 
  • betale restskatten innan fristen 

Viss du ikkje har skattemeldinga på papir, kan du skrive henne ut under Mine skattedokument, eller du kan bestille ein kopi. 

Etter at du har levert skattemeldinga, vil du få eit nytt skatteoppgjer.  

Har du ikkje bedt om førehandsfastsetting for den avdøde, vil du få ei førehandsutfylt skattemelding året etter dødsfallet. 

Viss alle eigedelar er overførte til arvingane, og kontoar i bank er avslutta før årsskiftet, vil dette vere den siste skattemeldinga du får for avdøde.  

Er det framleis nokre eigedelar igjen, til dømes eigedom eller køyretøy, vil du framleis få skattemeldingar fram til eigedelane er overførte til nye eigarar. Har du ikkje fått ei skattemelding, må du bruke skjemaet skattemelding for personar som ikkje har mottatt ei førehandsutfylt skattemelding, RF-1281, eller kontakte oss. 

Særleg for deg som

Viss du får ein faktura på forskottsskatt for den avdøde, må du betale han. På «Min skatt» kan du som er registrert som kontaktperson sjå skattekortet til avdøde.  

Hvis det er forskottskatt, og forskottsskatten er feil, må du endre skattekortet for avdøde. Det gjer du ved å fylle ut skjema for endring av skattekort/forskottsskatt (RF-1102) på papir. 

Du kan sende skjemaet til oss som vedlegg til kontaktskjemaet

Du kan også sende det i posten til:  

Skatteetaten
Postboks 9200 – Grønland
0134 Oslo