Korleis blir skatten din påverka som etterlaten

Arveavgifta vart fjerna i 2014, men når du arvar eller tar over verdiar kan det påverke skatten din. 

Skatten din kan bli endra viss du har

  • fått meir i pensjon 
  • fått auka inntekt, til dømes leigeinntekter 
  • fått endra gjeld, bankinnskott, eigedom eller andre eigedelar 
  • fått endringar i renteinntekter eller gjeldsrenter 
  • selt ein arva eigedom med gevinst eller tap 
  • selt aksjar med gevinst eller tap 

Du bør sjekke skattekortet ditt

For at det skal bli trekt riktig skatt frå inntektene dine, og for at du skal unngå restskatt, bør du så raskt som mogleg sjekke skattekortet ditt. 

Det kan vere lurt å følgje litt ekstra med på skattekortet også året etter dødsfallet. Du bør sjekke at tala i skattekortet er riktige. 

Dette må du sjekke i skattemeldinga di

  • Har du arva bustad, hytte, bil eller liknande som du eig ved årsskiftet? Sjekk at dette står oppført i skattemeldinga di. Viss det ikkje er ført opp i skattemeldinga di, må du sjølv leggje det til. 
  • Har du arva verdiar på over 100 000 kroner, må du opplyse om det i skattemeldinga di. Du legg inn verdien av arven under «gåve og arv». 
  • Har du selt arva bustad? Sjekk om du kan få frådrag eller må oppgi gevinst. 

Spesielt for deg som

Grunnlaget for eigedomsskatt på ein arva bustad 

Mange kommunar bruker Skatteetaten sine berekna marknadsverdiar som grunnlag for eigedomsskatten. Viss du er i tvil om korleis kommunen har berekna eigedomsskatten, kan du sjekke eigedomsskattesetelen du fekk frå kommunen. 

Viss kommunen har taksert eigedommen sjølv, må du klage til kommunen for å få endra grunnlaget for eigedomsskatten. 

Viss kommunen bruker Skatteetaten sine berekna markedsverdiar, må du klage til Skatteetaten for å få redusert grunnlaget for eigedomsskatten. 

Det er eigne skattereglar for barn og ungdom som har fått utbetaling frå erstatning eller forsikring på grunn av personskade eller tap av forsørgjar.  

Les meir om eingongserstatning til barn og ungdom ved personskade og tap av forsørgjar.