Eingongserstatning til barn og ungdom ved personskade eller tap av forsørgjar

Det er eigne skattereglar for barn og ungdom som på grunn av personskade eller tap av forsørgjar har fått utbetaling frå erstatning eller forsikring.

Gjeld dette meg?

Det gjeld for barn og ungdom under 22 år som på grunn av personskade eller tap av forsørgjar har fått utbetaling frå erstatning eller forsikring.

Unntatt frå skatt

Desse utbetalingane til barn og ungdom under 22 år er unntatt frå skatt på formuen:

  • eingongserstatning for personskade eller tap av forsørgjar
  • eingongsutbetaling av ulykkes-, sjukdoms- eller uføreforsikring ved skade, sjukdom eller anna
  • eingongsutbetaling av ulykkesforsikring eller dødsfallsforsikring ved tap av forsørgjar
Fritaket for formuesskatt gjeld fram til og med det inntektsåret barnet/ungdommen fyller 21 år.

Fritaket for formuesskatt gjeld uavhengig av korleis beløpet er plassert, til dømes i bankinnskott, livrenteforsikring, eigedom, bil osv.
Det må vere tilstrekkeleg samanheng mellom forsikrings-/erstatningsbeløpet og plasseringa av beløpet.

Normalt skal inntekt og formue hos barn under 17 år skattleggjast saman med foreldra.

Formue og avkastning (renter mv.) av erstatningsbeløpet eller forsikringsbeløpet kan likevel fastsetjast særskilt på barnet dersom dette gir lågare skatt enn om beløpet blir skattlagt hos foreldra.

Særskilt fastsetjing av renteinntekta sikrar at barnet får sitt eige personfrådrag ved inntektsfastsetjinga.

Viss akkumulerte renter frå tidlegare år har ført til formue, blir ikkje dette omfatta av formuesskattefritaket. Slik formue kan fastsetjast særskilt på barnet, som då får sitt eige fribeløp ved fastsetjing av formuesskatt.

Skatteetaten bereknar på den måten som er mest gunstig. Skatten skal gå fram av skatteoppgjeret til foreldra. Barnet skal derfor ikkje levere eiga sjølvmelding som gjeld erstatninga/forsikringsutbetalinga.

Dette må du gjere i skattemeldinga

  • Skattemeldinga er førehandsutfylt med informasjon om eingongserstatning til barn. Opplysningane finn du under temaet "Andre forhold" når du er logga inn i skattemeldinga.
  • Du må sjekke om opplysningane stemmer. Viss opplysningane om mottatt erstatningsbeløp ikkje er førehandsutfylte, må du leggje dei til.
  • For at skatten din skal bli riktig, må du må leggje ved eit vedlegg som viser kva beløp i skattemeldinga som kjem frå erstatnings-/forsikringsbeløpet.
Døme:
Viss beløpet er plassert i bank, må du oppgi banken sitt namn og kontonummer.
Viss beløpet er plassert i eigedom, må du oppgi gards- og bruksnummer og eventuell eigardel. 

Du skal ikkje slette desse beløpa frå skattemeldinga.

Dette må du vite om skattekortet

Du bør kontrollere skattekortet viss barnet ditt har mottatt

  • eingongserstatning for personskade eller tap av forsørgjar
  • eingongsutbetaling av ulykkes-, sjukdoms- eller uføreforsikring ved skade, sjukdom eller anna
  • eingongsutbetaling av ulykkesforsikring eller dødsfallsforsikring ved tap av forsørgjar

Du bør endre skattekortet viss opplysningane om barnet sin formue eller renteinntekter frå mottatte erstatningar er ført opp på deg.