Sjå, endre eller levere skattemeldinga

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april kvart år. Viss du oppdagar feil eller har fått nye eller forseinka opplysningar, kan du framleis sjå, endre og levere skattemeldinga.

Når du har opna skattemeldinga må du

Det er viktig at du kontrollerer skattemeldinga.

  1. Sjekk lønn og betalt skatt
    Kontroller at det du har fått i lønn og kor mykje du har betalt i skatt er rett. Det kontrollerer du ved å samanlikne summane i det årlege samandraget av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din, med tala i skattemeldinga. Du kan kontrollere kva arbeidsgiver har rapportert inn.

  2. Sjekk pensjon eller uføretrygd
    Kontroller at det du får i pensjon eller uføretrygd er rett. Oversikta får du frå NAV eller andre du eventuelt tek imot pensjon eller trygd frå. Du kan kontrollere kva som er rapportert inn.

  3. Sjekk gjeld og formue
    Kontroller at gjeld og formue som er oppgitt stemmer. Tala hentar vi frå dei som du har gjeld eller formue hjå. På formuen din kan du få verdsettingsrabatt. Dersom du får det, er det fylt ut på førehand i skattemeldinga di.

Du kan òg sjå om du har krav på fleire frådrag i frådragsrettleiinga. Dersom du har krav på frådrag, kan det gjere grunnlaget vi reknar ut skatt på mindre. Dermed kan du betale mindre i skatt. Nokre frådrag er utfylte på førehand, andre må du føre opp sjølv.

For å få hjelp til å vite kva du skal sjekke, kan du sjå oversikta vår over tema og frådrag i skattemeldinga.

Dersom det finst opplysningar som er feil eller ikkje er med i skattemeldinga du har fått, må du føre dei opp slik at det blir rett. Til dømes kan det vere at du har kjøpt eigedom eller bil, selt aksjar eller gifta deg.

Du kan gjere endringar i skattemeldinga etter du har levert. Hugs å levere skattemeldinga på nytt etter du har gjort endringane.

For å få hjelp til å vite kva og korleis du endrar, kan du sjå vår oversikt over tema og fradrag i skattemeldinga.

Fristen for å endre og levere skattemeldinga er 30. april.

Du kan endre og levere så mange gonger du vil, også etter at fristen er gått ut. Du treng ikkje sende oss dokumentasjon før vi spør etter det.

Skattemeldingar som ikkje er leverte innan 30. april, blir rekna som leverte med dei førehandsutfylte opplysningane som var gitt då fristen gjekk ut.

Næringsdrivande

Viss du har enkeltpersonføretak, må du levere skattemeldinga uansett, og du må levere ho elektronisk.

Etter at du har levert

I skattemeldinga ser du ei førebels utrekning av skatten din.

Det kan skje endringar i denne etter du har levert. Når du har levert skattemeldinga, går vi gjennom alle opplysningane.

Om du må betale meir i skatt eller får pengar tilbake, får du vite i skatteoppgjeret.

Du får pengane igjen raskare viss vi har riktig kontonummer.

Du bør sjekke og eventuelt endre kontonummeret ditt.

Andre skattemeldingar

Viktig informasjon

Frå og med inntektsåret 2021 kjem skattemeldinga på papir i nytt format. Ho liknar på den nye digitale skattemeldinga som ligg på skatteetaten.no og inneheld tema i staden for postar.

Viss du får skattemeldinga på papir, skal du sjekke at alt er rett, gjere eventuelle endringar og sende ho inn. Du kan òg logge inn og levere elektronisk.

Har du ingen endringar, treng du ikkje sende skattemeldinga.

Fristen for å levere skattemelding for næringsdrivande er 31. mai. Dette gjeld til dømes for enkeltpersonføretak og aksjeselskap.

Sjå skattemelding for næringsdrivande

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. Det blir derfor ikkje sendt ut skattemelding med mindre det er registrert ein kontaktperson for avlidne i Folkeregisteret. Ønsker du skattemeldinga til den  avlidne sendt til deg, må du ta kontakt med oss.

Les meir om skattemelding for avlidne.

Du kan framleis endre eldre skattemeldingar 3 år tilbake i tid.

Sjå ein film om korleis du endrer og sender inn skattemeldinga på nytt.

Se film: Slik sjekker du skattemeldingen

Se en detaljert beskrivelse av

  • hvorfor det er viktig at du sjekker, endrer og leverer skattemeldingen din
  • hva du må passe på å sjekke
  • hvordan du gjør det

Kvifor ser skattemeldinga mi forskjellig ut?

I år får dei fleste skattemeldinga i nytt format. Når du loggar inn i skattemeldinga di vil du automatisk komme til den skattemeldinga du skal bruke, og får hjelp og rettleiing der.

Slik er den nye skattemeldinga

Skatt på 1-2-3: Slik henger det sammen

Se sammenhengen mellom skattekort, skattemelding og skatteoppgjør, og hva du skal gjøre i løpet av året for å få riktig skatt.