Sjå skatteoppgjeret ditt

Dei fleste får skatteoppgjeret i juni. Nokon får det tidlegare, medan andre får det mellom august og november.

Etter at du har levert skattemeldinga di, må vi behandle ho og lage eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen (til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt).

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste får skatteoppgjeret i juni. Nokon får det tidlegare, medan andre får det mellom august og november.

Ektefellar får skatteoppgjeret samtidig, etter at begge sine skattemeldingar er ferdigbehandla.

Viss du ikkje har fått skatteoppgjeret ditt enno, må du vente til hausten. Vi sender ut skatteoppgjera frå slutten av august. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember.

Har du pengar til gode, blir dei utbetalte når du får skatteoppgjeret ditt.

Skatteoppgjer blir vanlegvis sendt ut på onsdagar, men endringar skjer raskt og vi kan derfor ikkje svare på nøyaktig kva datoar det blir sendt. Vi sender ikkje ut skatteoppgjer på heilagdagar, i påskeveka, i juli eller første halvdel av august.

Det kan vere fleire grunnar til at skatteoppgjeret ditt kjem seinare:

  • Ektefellen din får restskatt, har ikkje levert innan fristen, er næringsdrivande eller har søkt om utsetjing. Ektefellar får skatteoppgjeret når begge skattemeldingane er ferdig behandla. 
  • Du har gjort mange endringar eller lagt til vedlegg.
  • Du er tatt ut til tilfeldig kontroll.
  • Du har ikkje oppgitt alle nødvendige opplysningar i skattemeldinga di, til dømes om eigedommar du eig.
  • Du har fått etterbetaling frå Nav eller andre pensjonsutbetalarar.

Viktig informasjon

Vi kan dessverre ikkje svare på kva dato du får skatteoppgjeret, men du får beskjed.

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje har fått utbetalt skattepengane:

Du har ikke pengar til gode i år. Den førebelse skatteberekninga som du ser i skattemeldinga, er ikkje endeleg og kan bli endra. Etter at du har fått skatteoppgjeret ditt, kan du logge inn og sjå om du har restskatt eller pengar til gode. Du får ikkje utbetalt noko dersom du ikkje har pengar til gode.

Når du veit korleis det gjekk

Etter at du har fått skatteoppgjeret ditt, veit du om du får pengar igjen (til gode) eller må betale pengar (restskatt).

 

Sjå også

Skatteoppgjer for tidlegare år finn du blant skattedokumenta dine. Logg deg inn på Mi side.

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. 

Viss det er registrert ein kontaktperson i Folkeregisteret, vil skattemeldinga bli sendt ut automatisk. 

Skatteoppgjer blir sendt ut automatisk til dei som har registrert kontaktperson i Folkeregisteret.

Meir om skattemelding og skatteoppgjer for den avdøde.

Viss du har valt å få tilskot til energitiltak frå ENOVA som ein del av skatteoppgjeret, vil dette bli avrekna mot skatteoppgjeret ditt for i fjor.

Dersom du lurer på noko om dette, må du kontakte ENOVA.