Restskatt - må betale pengar

Dersom du har fått restskatt eller "baksmell", betyr det at du har betalt for lite i skatt i fjor og at du må betale pengar tilbake.

Betalingsfristar

Fekk du over 1 000 kroner i restskatt, blir summen delt opp i 2 fakturaer. Fristen for når du må betale, kjem an på når du fekk skatteoppgjeret ditt:

  • Fekk du skatteoppgjeret 20. juni, er fristen for 1. faktura 20. august og 2. faktura 24. september.
  • Fekk du skatteoppgjeret ditt 15. august eller seinare, er fristen for 1. faktura 3 veker etter datoen skatteoppgjeret ditt var klart, og 2. faktura 8 veker etter at skatteoppgjeret ditt var klart.

Dersom betalingsfristen din er på ein laurdag eller søndag, kan du betale innan måndagen (første vyrkedag) etter fristen.

Du må betale restskatten sjølv om du har endra opplysningane i skattemeldinga di eller sendt klage. Dersom du ikkje betaler restskatten i tide, kjem det i tillegg forseinkingsrenter frå forfall og fram til du betaler.

Dersom du ikkje betaler innan fristen på den første fakturaen, reknar vi det som om du ikkje har betalt i det heile teke. Treng du hjelp, kan du ta kontakt med skatteoppkrevjaren i kommunen din.

Fristen for å betale dersom du har fått restskatt på under 1 000 kroner, kjem an på når du fekk skatteoppgjeret ditt:

  • Fekk du skatteoppgjeret 20. juni, er fristen for å betale 20. august.
  • Fekk du skatteoppgjeret 15. august eller seinare, er fristen for å betale 3 veker etter datoen som skatteoppgjeret ditt var klart.

Dersom betalingsfristen din er på ein laurdag eller søndag, kan du betale innan måndagen (første vyrkedag) etter fristen.

Du må betale restskatten sjølv om du har endra opplysningane etter fristen for skattemeldinga, eller du har klaga. Dersom du ikkje betaler restskatten i tide, kjem det i tillegg forseinkingsrenter frå forfall og fram til du betaler.

Restskatt på mindre enn 100 kroner treng du ikkje å betale.

Slik betaler du

I god tid før forfallsfristen får du faktura med betalingsinformasjon. Dersom du er elektronisk brukar, får du faktura med betalingsinformasjon i Altinn. Dersom ikkje, får du fakturaen tilsendt med betalingsinformasjon i posten.

E-faktura

Du kan inngå avtale om e-faktura med oss i samband med innbetaling av skatt.

Kontonummer og KID

Bruk kontonummeret og KID-nummeret som står på fakturaen. Dersom du ikkje har fått faktura med betalingsinformasjon, finn du informasjonen du treng her: 

Renter

Renta er 0,59 prosent per år, rekna frå 1. juli i inntektsåret og fram til forfall for første termin for restskatten i det påfølgjande skatteåret.  

Dette er eit eksempel på kor mykje rentene på restskatten kan vere

Berekna skatt – inntektsåret 2018: 100 000 kroner
Forskotstrekk: 80 000 kroner
For lite betalt: 20 000 kroner

Rentetillegg 0,59 % frå 01.07.2018 til 20.08.2019 (416 dagar) = 134 kroner
Å betale: 20 134 kroner

Unngå renter på restskatten

Dersom du veit at du får restskatt, kan du betale inn ekstra innan 31. mai for å sleppe renter på restskatten. 

Fristen for innbetaling av restskatt blir ikkje påverka av utsett skattemeldingsfrist, dersom du har søkt om dette.

Det blir ikkje teke omsyn til betaling etter fristen ved endeleg skatteavrekning.

Dersom betalingsfristen din er på ein laurdag eller søndag, kan du betale innan måndagen (første vyrkedag) etter fristen.

Bruk kontonummeret og KID-nummeret som du finn i skattemeldinga di.

  • Dersom du ikkje har gjort endringar i skattemeldinga, finn du beløpet du skuldar, på den siste sida.
  • Dersom du har gjort endringar i skattemeldinga som kan påverke sluttresultatet, kan du bruke skatteberekningsprogrammet for å rekne ut beløpet.

Dersom du har betalt inn for mykje restskatt, får du godtgjort renter ved tilbakebetaling.

.

Tilleggsforskot

Dersom du ser at du får restskatt, kan du betale inn tilleggsforskotet innan 31. mai. Då slepp du å betale renter på restskatten.

Når du har fått skattemeldinga, kan du bruke betalingsinformasjonen som står på skattemeldinga, for å betale. Ønskjer du å betale inn før du har fått skattemeldinga, kan du lage eit KID-nummer og betale til skatteoppkrevjaren din.

Unngå restskatt

Dersom du ikkje betaler restskatten ved forfall, kjem det til forseinkingsrenter, og skatteoppkrevjarane set i verk tiltak for å krevje inn skatten.

Forseinkingsrenter gjeld frå forfallstidspunktet og fram til du betaler. Rentesatsen blir justert to gonger i året av Finansdepartementet.

Aktuelle tiltak når du ikkje betaler:

  • utleggsforretning
  • utleggstrekk
  • tvangssal
  • krav om konkurs
  • motrekning

Ein må rekne med gebyr og/eller betalingsmerknad dersom eit av desse tiltaka blir sett i verk.

Dersom du ikkje har betalt restskatten din på 3 år, kan du få reduksjon i pensjonspoeng.

Les meir om tiltak for å krevje inn ubetalt restskatt.