Når livet endrar seg, endrar ofte også skatten seg
Endra familiesituasjon, bustad, jobb og utdanning påverkar både frådraga du har rett på og kor mykje du skal trekkjast i skatt.
Derfor er det viktig at du kontrollerer skattekortet slik at du ikkje trekkjer for mykje eller for lite skatt.
Familie
- Dersom du har utgifter til pass av barn som er yngre enn 12 år, kan du ha rett til frådrag.
- Ektefellar/sambuarar med felles barn får automatisk delt frådraget likt mellom seg. Dersom de ikkje bur saman, blir frådraget gitt til den som barnet har budd lengst saman med i løpet av året. Som foreldre kan de endre denne fordelinga.
- Har utgiftene til barnepass endra seg, bør du endre skattekortet ditt. Du kan sjekke skattetrekksmeldinga om det er ført opp frådrag for pass av barn.
- Har du fått ny reiseveg til barnehagen? I nokre tilfelle kan du få frådrag for køyring til og frå barnepass om det er ein omveg til jobben.
- Ordninga med særfrådrag for einslege forsørgjarar vart avvikla 1. mars 2023. Har du spørsmål om utvida barnetrygd og støtte til einslege forsørgjarar, må du kontakte Nav.
- Du kan sjå kva betydning endra sivilstatus kan ha for skatten din.
- Har du fått felles gjeld med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar? Vel korleis de vil fordele enkelte inntekter og frådrag i skattemeldinga.
- Dersom du har fått sambuar og du har særkullsbarn, vil NAV etter 12 månader ikkje rekne deg som einsleg forsørgjar. Du får ikkje utvida barnetrygd og ikkje frådrag for einsleg forsørgjar. Hugs å endre skattekortet.
- Dersom du har blitt enkje eller enkjemann, må du sjekke skattekortet ditt. Er du usikker på kva du skal trekkje i skatt, kan du berekne skatten din.
- Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. Det blir derfor ikkje sendt ut skattemelding eller skatteoppgjer. Les om korleis du får skattemelding/skatteoppgjer og kva dokumentasjon du må leggje ved.
Bolig
Når banken din sett ned bustadlånsrenta, vil du få lågare frådrag på skatteoppgjeret ditt. Då kan du risikere å få restskatt neste år. Derfor er det lurt å gjere ei ny berekning av skattetrekket når du har fått rentebrev frå banken. Logg deg inn og gjer endringar i tala i skattekortet.
På bakgrunn av endringane dine lagar vi eit nytt skattekort til deg.
- Har du selt eller kjøpt bustad og fått meir eller mindre gjeld og renteutgifter, må du sjekke og eventuelt endre skattekortet ditt.
- Har formuesverdien på bustaden din endra seg, kan det vere lurt å gi oss beskjed.
- Har du fått felles gjeld med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar, kan du velje korleis enkelte inntekter og frådrag blir fordelte mellom dykk. Du kan fordele i skattekortet eller når du får skattemeldinga.
- Du kan også sjekke informasjonen om gjeld som står på forslaget til skattekortet (skattetrekksmeldinga) som kjem i desember. Du kan endre dette i løpet av året ved å endre skattekortet. Når du har endra skattekortet, vil arbeidsgivaren din få beskjed. Arbeidsgivaren din må hente det nye skattekortet elektronisk.
- Du kan berekne formuesverdien til bustaden.
- Har du selt eller kjøpt bustad i utlandet?
- Leiger du ut heile eller ein større del av bustaden din, og utleigeinntektene overstig 20 000 kroner, blir alle utleigeinntektene frå bustaden i løpet av året skattepliktige.
- Leiger du ut ein del av din eigen bustad, er skatteplikta for utleigeinntektene avhengig av kor stor del av bustaden (rekna etter utleigeverdi) du leiger ut. Utleigeverdien heng ikkje nødvendigvis saman med storleiken målt i areal.
- Leiger du ut bustad eller fritidseigedom for kortare tid enn 30 dagar, er inntekt inntil 10 000 kroner årleg skattefritt. Av det overskytande beløpet blir 85 prosent rekna som skattepliktig inntekt.
Jobb
Viss du har blitt ramma av inntektstap på grunn av permittering eller oppseiing, bør du snarast vurdere å endre grunnlaget i skattekortet ditt for å få eit lågare skattetrekk.
- Om du har endring i frådrag for daglege reiseutgifter eller pendlarreiser, bør du justere forventa frådrag under "reisefrådrag".
- Om du har gått over til dagpengar, bør du endre inntektstype under "lønn og tilsvarande" og justere forventa inntekt.
- Om du framleis har naturalytingar, som til dømes fri bil frå arbeidsgivar sjølv om du ikkje har lønn frå denne arbeidsgivaren, kan du leggje inn aktuell verdi av naturalytinga under "trekkfri lønn".
- Om gjeldsrentene har endra seg, bør du korrigere forventa frådragsbeløp under "gjeldsrenter".
Viss du har tabellkort: Tabellkortet vil automatisk redusere skattetrekket ditt om lønnsinntektene endrar seg. Du treng ikkje endre skattekortet viss det berre er lønnsinntekta som endrar seg. Hugs å sjekke om dei andre opplysningane på skattekortet stemmer, til dømes gjeldsrenter og andre frådrag.
Viss du har prosentkort: Du må sjølv endre skattekortet dersom lønnsinntektene endrar seg.
Du bør endre skattekortet dersom renta blir sett ned. Viss du ikkje betaler gjeldsrenter, må du setje rentefrådraget til 0 kroner.
- Har du byrja å jobbe, er det viktig å bestille skattekort.
- Har du bytt jobb og fått meir eller mindre inntekt, må du sjekke skattekortet.
- Du kan berekne skatten din slik at du får eit estimat på kva du må betale i skatt.
- Har du flytta i samband med ny jobb, kan du i nokre tilfelle få frådrag for flyttekostnadene. Du må også hugse å melde flytting.
- Har du fått lengre eller kortare reiseveg til jobb, og derfor fått endringar i reisefrådraget? Eller er du blitt pendlar?
- Har du starta di eiga bedrift eller er du i ferd med å avslutte bedrifta, bør du sjekke skattekortet. Eventuelt må du endre skattekortet for å unngå restskatt.
Pensjon
- Du kan halde fram med å jobbe samtidig som du får alderspensjon frå folketrygda utan at pensjonen blir redusert. Får du endringar i inntekta, må du hugse å endre skattekortet slik at du ikkje får restskatt.
- Har du gått frå uføretrygd/-pensjon til alderspensjon, er det også viktig å endre skattekortet dersom inntektene endrar seg.
- Har du blitt pensjonist på fulltid, må du hugse å endre skattekortet.
- Hugs å ta med eventuelle feriepengar frå tidlegare arbeidsgivar. Feriepengar er alltid skattepliktig det året dei blir utbetalte. Feriepengar er berre trekkfrie dersom dei bli utbetalte året etter oppteningsåret. Hugs å endre skattekortet for å unngå restskatt.
- Du betaler mindre skatt av pensjonsinntekt (medrekna AFP) enn av lønnsinntekt. Hugs å sjekke skattekortet.
- Har du gått frå etterlatnepensjon til alderspensjon, må du hugse å endre skattekortet dersom inntekta har endra seg. Etterlatnepensjon blir utbetalt kvar månad fram til den etterlatne tar ut alderspensjon. Pensjonen blir avkorta mot inntekt og opphøyrer dersom den etterlatne gifter seg på nytt.
Uføretrygd
- Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar blir skattlagde på same måte som lønnsinntekt. Hugs å sjekke skattekortet ditt.
- Informasjon om uføretrygd finn du på NAV sine nettsider.
- Ikkje betal for mye skatt – sjekk skattekortet ditt.