Opplysningane i skattekortet

Skattekortet ditt viser kor mykje skatt ein arbeidsgivar eller utbetalar skal trekkje frå inntekta di før ho blir utbetalt. Dette kallar vi skattetrekk eller forskottstrekk.

Vi sender ut det nye skattekortet ditt 15. desember

Kvart år sender Skatteetaten ut eit nytt skattekort som gjeld for neste kalenderår til alle som har eit skattekort. Du får ein e-post eller SMS frå oss når skattekortet ditt er klart. Dersom du ikkje har ein elektronisk ID,sender vi det nye skattekortet til den folkeregistrerte adressa di. Arbeidsgivaren din og andre utbetalarar skal hente skattekortet ditt elektronisk. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din. 

Dersom du ikkje har fått melding frå oss om at skattekortet ditt er klart, kan det vere at vi manglar nokre opplysningar om deg, eller at du har hatt eit frikort tidlegare. Logg inn og bestill eit skattekort.

Tala i skattekortet

Tala i skattekortet er baserte på inntektene, utgiftene, formuen og gjelda du hadde året før, og det vi trur det er sannsynleg at du vil ha i det nye året. 

  • Lønn: Lønnsslippen du får i desember viser kor mykje du har fått i lønn heile året. Sjekk at dette beløpet stemmer med skattekortet. Dersom du reknar med å gå opp eller ned i lønn, bør du endre lønnsinntektene. Du kan også sjekke kva opplysningar arbeidsgivaren din har meldt inn til Skatteetaten.
  • Pensjon: Sjekk tala i oversikta du får frå Nav eller frå andre som betalar ut pensjon.
  • Gjeld og/eller formue: Sjekk tala i oversikta du får frå banken over gjeld, gjeldsrenter og eventuell formue.
  • Sjukepengar, dagpengar, foreldrepengar og andre ytingar frå Nav: Sjekk tala i oversikta du får frå Nav.
Sjå oversikta over kva tal vi bruker og kor vi hentar tala frå når vi lagar skattekortet ditt.

Sjekk opplysningane i skattekortet

Dersom noko ikkje stemmer, må du endre skattekortetSkattekortet blir ikkje automatisk oppdatert dersom noko endrar seg i privatøkonomien din, eller om renta endrar seg. Det er derfor viktig at du sjekkar skattekortet, særleg dersom livssituasjonen din har endra seg, eller om du har fått meir eller mindre inntekt eller gjeld.

Feil tal kan gi restskatt.

 

Dette må du også vite om skattekortet

Ved tabelltrekk skal arbeidsgivaren eller utbetalaren trekkje skatt etter ein gitt tabell. Ved prosenttrekk blir skatten trekt etter ein fast prosentsats. Sjå informasjonen om når det er best å bruke tabelltrekk eller prosenttrekk.

Har du fleire arbeidsgivarar eller utbetalarar er det berre hovudinntekta di som skal ha tabelltrekk. Dersom du ser at andre arbeidsgivarar eller utbetalarar bruker tabelltrekk, må du melde frå til dei det gjeld om å bruke prosenttrekk.

Får du fleire ytingar frå Nav, må tabelltrekk berre brukast på den ytinga du får høgast inntekt frå. Ser du at tabelltrekk er brukt på fleire ytingar, må du melde frå til Nav.

Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgivar ikkje skal trekkje skatt dersom du tener 70 000 kroner eller mindre i løpet av året.