Tala i skattekortet
Opplysningane i skattekortet avgjer skattetrekket ditt.
Skattekortet ditt viser kor mykje skatt ein arbeidsgivar eller utbetalar skal trekkje frå inntekta di før ho blir utbetalt. Dette kallar vi skattetrekk eller forskottstrekk.
Vi hentar tala frå ulike kjelder
Tala i skattekortet er tufta på inntektene, utgiftene, formuen og gjelda du hadde året før, og det vi trur du kjem til å ha i det nye året.
Når vi bereknar lønna eller pensjonen din i skattekortet for 2025, bruker vi opplysningane frå arbeidsgivaren eller pensjonsutbetalaren din for oktober 2024 og gongar talet med 12. Sjå dømet under.
I visse tilfelle bruker vi opplysningane for dei siste 12 månadene frå november 2023 til oktober 2024. Vi bruker det alternativet som gir den høgaste inntekta av desse to.
I tillegg justerer vi lønna eller pensjonen opp med ein venta auke. For 2025 er den venta auken på 4,5 prosent. Dersom du reknar med ein høgare auke, eller ein nedgang i lønna eller pensjonen, bør du endre inntektsopplysningane dine i skattekortet.
Fastlønn |
Kroner 40 000 x 12 = |
kroner 480 000 |
Overtid |
|
kroner 7 000 |
Sum |
|
kroner 487 000 |
|
|
|
Elektronisk kommunikasjon |
kroner 366 x 12 = |
kroner 4 392* |
Skattepliktig forsikring |
Kroner 100 x 12 = |
kroner 1 200* |
Sum |
|
kroner 5 592 |
(*Desse tala justerer vi ikkje opp med 4,5 prosent)
Slik reknar vi ut årsinntekta for 2025:
((487 000 kroner x 1,045) + 5 592 kroner)) = 514 507 kroner (runda opp til 515 000).
Du kan sjå kva arbeidsgivaren din eller andre utbetalarar har sendt oss.
Opplysningane hentar vi frå det siste skatteoppgjeret ditt, og så justerer vi desse med den venta renteoppgangen eller rentenedgangen.
Har du tatt opp lån i 2024, er det ikkje nokon førehandsutfylte opplysningar i skattekortet om dette. Då må du leggje opplysningane til sjølv. Skattekortet blir ikkje automatisk oppdatert.
Sjekk at opplysningane om lån og renter er rette, slik at skattetrekket ditt blir rett. Du bør endre skattekortet om tala er feil.
I 2023 hadde du 100 000 kroner i banken og renta di var i snitt 3,0 prosent. Det gav deg 3 000 kroner i renteinntekter. For å ta omsyn til at rentene har auka, vil du sjå i skattekortet for 2025 at vi har gått ut frå at renteinntektene dine vil vere 4 440 kroner.
I 2023 hadde du eit banklån på 3 millionar kroner og du betalte 5,5 prosent rente. Gjennom året har du betalt 165 000 kroner i renter. For å ta omsyn til at rentene har auka, vil du sjå i skattekortet for 2025 at vi har gått ut frå at du vil få 202 950 kroner i renteutgifter.
Opplysningane hentar vi frå det siste skatteoppgjeret ditt, og så justerer vi desse med den venta renteoppgangen eller rentenedgangen.
Sjekk at opplysningane du får frå banken din er rette, slik at skattetrekket ditt blir rett. Du bør endre skattekortet om tala er feil.
I 2023 hadde du 100 000 kroner i banken og renta di var i snitt 3,0 prosent. Det gav deg 3 000 kroner i renteinntekter. For å ta omsyn til at rentene har auka, vil du sjå i skattekortet for 2025 at vi har gått ut frå at renteinntektene dine vil vere 4 440 kroner.
Har du formue, vil du sjå han i skattekortet.
Tala hentar vi frå det siste skatteoppgjeret ditt. Det er viktig at du sjekkar at tala framleis er rette.
Endringar i familiesituasjon, bustad, jobb og utdanning påverkar både frådraga du har rett til, og kor mykje du skal trekkjast i skatt. Les meir om kva slags endringar i livet som kan påverke frådraga og skattetrekket ditt.
Sjekk i skattekortet om frådraga er førte opp. Logg inn og endre skattekortet dersom noko manglar eller er feil.
Skattekortet kjem i desember
Alle som har eit skattekort, får eit nytt eitt kvart år.
Skattekortet for 2025 kjem 16. desember. Vi varslar deg på e-post eller SMS.
Har du ikkje fått eit nytt skattekort innan 9. januar, kan det vere at vi ikkje har nok opplysningar til å berekne eit skattekort. Då kan du bestille eit skattekort og leggje inn opplysningane sjølv.
Har du ikkje elektronisk ID, blir skattekortet sendt til den folkeregistrerte adressa di.
Arbeidsgivaren din og andre utbetalarar hentar skattekortet ditt elektronisk. Du skal derfor ikkje levere noko skattekort til arbeidsgivaren din.
Sjekk skattekortet, så blir det rett
Skattekortet blir ikkje automatisk oppdatert dersom rentene, livssituasjonen din, lønna di eller gjelda di endrar seg. Dersom noko ikkje stemmer, bør du endre skattekortet.
Feil tal kan gi restskatt. Restskatt vil seie at du har betalt for lite skatt gjennom året. Det er derfor viktig at du sjekkar og eventuelt endrar tala i skattekortet ditt, slik at du blir trekt rett skatt.
Du kan bestille nytt skattekort, sjekke eller endre skattekortet
Dette må du også vite om skattekortet
Har du tabelltrekk, skal arbeidsgivaren eller utbetalaren trekkje skatt etter ein gitt tabell. Har du prosenttrekk, blir skatten trekt etter ein fast prosentsats. Sjå informasjon om når det er best å bruke tabelltrekk eller prosenttrekk.
Har du fleire arbeidsgivarar eller utbetalarar, er det berre hovudarbeidsgivaren din (der du tener mest) som skal bruke tabelltrekk. Ser du at andre arbeidsgivarar eller utbetalarar bruker tabelltrekk, må du melde frå slik at berre éin utbetalar trekkjer skatt etter tabellen i skattekortet ditt, og dei andre bruker prosenttrekk.
Får du fleire ytingar frå Nav, må tabelltrekk berre brukast på den ytinga som du får den høgaste inntekta frå. Ser du at tabelltrekk er brukt på fleire ytingar, må du melde frå til Nav.
Tener du 100 000 kroner (70 000 kroner i 2024) eller mindre i året, kan du få eit frikort. Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgivaren ikkje skal trekkje skatt.
Er du skattepliktig til Noreg, og har inntekt eller formue det ikkje blir trekt skatt av, skal du normalt betale forskottsskatt. For at du skal få rett forskottsskatt, må du sjølv oppdatere skattekortet ditt. Les om forskottsskatt for privatpersonar.
- Alle som driv næringsverksemd må betale forskottsskatt av det forventa overskottet.
- Er du næringsdrivande, og du har tilsette, må du hente skattekorta deira elektronisk og gjennomføre skattetrekk i lønna deira.
- Lønnsinntekt har ikkje noko skattetrekk i juni og halvt skattetrekk i november eller desember.
- Uføretrygd og sjukepengar har ikkje noko skattetrekk i juni og halvt skattetrekk i desember.
- Alderspensjon, AFP og attlevandepensjon har vanleg skattetrekk i juni og ikkje noko skattetrekk i desember.
Bakgrunnen for ordninga
Sjølv om utbetalinga av feriepengar er trekkfrie, er ikkje feriepengane skattefrie. Kort fortalt er skatten på lønna, medrekna feriepengane, den same gjennom heile året, men det blir berre trekt skatt av inntekta i 10,5 månader. Det vil seie at skattetrekket er noko høgare i desse 10,5 månadane, slik at du slepp skattetrekk på lønna i juni og får halvt skattetrekk på lønna før jul. Ordninga med halvt skattetrekk gjeld berre for den "vanlege" lønna før jul. Overtidsbetalingar, bonusar og særskilde honorar har fullt skattetrekk.
For somme gjeld særskilde reglar
Utanlandske arbeidstakarar som har kjeldeskatt på lønn, har likt skattetrekk heile året. Trekkfritaket i feriepengar og ordninga med halvt skattetrekk på lønna før jul, gjeld derfor ikkje for dei som har kjeldeskatt på lønn.