Rapportert inn frå arbeidsgivaren din

Her får du innsyn i kva for opplysningar arbeidsgivaren din har sendt til oss.

Arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar og andre sender kvar månad opplysningar om dei tilsette sine inntekter og arbeidsforhold til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten.

Opplysningane blir sendt i ei a-melding. Kvar gong dei sender a-meldinga, blir informasjonen her oppdatert.

Er opplysningane feil?

Dersom du oppdagar feil, må du kontakte arbeidsgivaren din eller den som har sendt opplysningane. Det er berre dei som har rapportert opplysningane som kan rette dei.

Meir om tenesta

Alle kan bruke denne tenesta for å hente opplysningar om seg sjølv.

Tenesta krev innlogging.

  • Skatteetaten brukar opplysning om inntekt til å berekne skatten din, som grunnlag for skattemeldinga og skatteoppgjeret ditt
  • NAV brukar opplysning om inntekt og arbeidsforhold mellom anna til å berekne ytingar
  • SSB brukar opplysningane til å lage mellom anna sysselsettings- og lønnsstatistikk