Mottatt faktura for forskotsskatt?

Viss du har mottatt faktura for forskottsskatt og du ønskjer å endre den, kan du sjølv logge inn, sjekke og endre forskottsskatten for 2023.

Dette må du gjere viss du har fått faktura

Viss du har fått forskottsskatt, og ikkje har hatt det tidlegare, kan det vere fordi vi har berekna høgare skatt i skattekortet enn arbeidsgivar kan trekkje frå lønna di eller pensjonen din.

Sjekk desse tala:

  • Inntekt
  • Renteinntekter
  • Formue
  • Gjeld
  • Gjeldsrenter

Du må endre skattekortet viss tala er feil.

Dersom inntekta di eller formuen din blir lågare eller høgare enn forventa, bør du endre tala i skattekortet ditt slik at du slepp å betale for mykje eller for lite forskottsskatt.

Du må anslå, så godt du kan, kor mykje inntekt og formue du kjem til å få i år. Viss du er usikker på kor mykje du forventar å ha i renteinntekter eller gjeldsrenter i år, kan du ta kontakt med banken din og spørje.

Viss du endrar beløpa i skattekortet, vil også forskottsskatten endre seg. Du kan sjå berekna forskottsskatt i skattekortet.

Viss forskottsskatten er riktig, men du vil betale mindre forskottsskatt og få høgare skattetrekk på lønn, kan du sjølv endre fordelinga mellom forskottsskatt og skattetrekk.

Skatteetaten bruker informasjon om inntekta di og formuen din frå skattemeldinga di for 2021 for å rekne ut kor mykje forskottsskatt du skal betale.

Rentenivået i 2021 var veldig lågt. Rentene har auka i 2022 og vil mest sannsynleg auke i 2023. For nokon vil det derfor vere ei stor endring i tala vi har lagt inn i skattekortet ditt for 2023.

Døme – Når du har renteinntekter
I 2021 hadde du 100 000 kroner i banken og fekk i snitt 0,15 prosent i rente. Det gav deg 150 kroner i renteinntekter. For å ta omsyn til at rentene har auka vil skattekortet du har fått for 2023 vise at vi har antatt at renteinntektene dine vil vere 1 300 kroner.

Viss du hadde 1 million kroner i banken i 2021 og renta i snitt var 0,4, ville renteinntektene dine vore 4 000 kroner. Basert på auken av renta vil skattekortet ditt for 2023 vise at vi har antatt at renteinntektene dine vil vere 34 640 kroner.

Sjekk at tala stemmer med forventningane dine. Du må endre skattekortet viss tala er feil.

Fakturaen du har fått er for ein termin, det vil seie at den er ¼ av den totale forskotsskatten det er berekna at du skal betale i år.

Viss du endrar tala i skattekortet, vil forskotsskatten endre seg. Du kan sjå forskotsskatten som er berekna i skattekortet. Etter at du har endra skattekortet, kan du sjølv endre beløpet på fakturaen i nettbanken din til ¼ av den nye, berekna forskotsskatten. Du vil ikkje få ein ny faktura fra oss.

Viss forskotsskatten er endra til null kroner i skattekortet ditt, kan du slette fakturaen frå nettbanken utan å betale han.

Døme – Redusere forskotsskatten
Du har fått faktura på forskotsskatt på 25 000 kroner. Du sjekkar skattekortet ditt og ser at berekna forskotsskatt for heile året er 100 000 kroner. Du ser også at renteinntektene dine er sett for høgt, og justerer dei ned. Ny berekna forskotsskatt blir 60 000 kroner.

Fakturaen du allereie har fått er for 1. termin, det vil seie ¼ av totalbeløpet, og er basert på det du først fekk berekna i forskotsskatt.

Sidan du har fått ny berekna forskotsskatt, kan du endre beløpet på fakturaen i nettbanken til ¼ av 60 000 kroner, altså 15 000 kroner.

Forskotsskatt for privatpersonar

Har du skattepliktig inntekt eller formue du ikkje blir trekt skatt av, skal du som regel betale forskotsskatt. Det kan gjelde privatpersonar som har høg formue eller inntekter som det ikkje blir trekt skatt frå, til dømes høge utleigeinntekter eller gevinst på aksjar du har selt.

Du skal også som regel betale forskotsskatt dersom du driv sjølvstendig næringsverksemd.

Kva vil du gjere?

Dersom du som privatperson har høg formue eller inntekter som det ikkje blir trekt skatt frå, til dømes høge utleigeinntekter eller gevinst på aksjar du har selt, kan du søkje om forskotsskatt:

Når du fyller ut søknadsskjemaet

Du må fylle inn beløpet for inntekta eller formuen du skal betale forskotsskatt for. Vi vil rekne ut kor mykje forskotsskatt du skal betale.
Om du ikkje veit beløpet for inntekta eller formuen nøyaktig, må du anslå så godt du kan. Sjekk også at andre opplysningar om inntekt og frådrag er riktige. Døme på andre opplysningar er lønn og gjeldsrenter.

Personar som betaler forskotsskatt får vanlegvis faktura fire gonger i året. Fakturaene finn du i innboksen din i Altinn eller i nettbanken din.

Dersom du ikkje har fått faktura, kan du sjølv finne kontonummer og lage KID-nummer. Du betaler i nettbanken din på same måte som du betaler andre rekningar.

Det blir ikkje sendt ut nye fakturaer ved endring etter at opphavleg faktura er send ut.

Viss du har gjort endringar

Viss du har logga inn og endra forskotsskatten etter at du fekk ein faktura i nettbanken din, kan du sjølv endre beløpet på fakturaen før du betaler den. Viss forskotsskatten er null kroner, kan du slette fakturaen frå nettbanken din utan å betale den.

Betalingsfristar

  • 15. mars
  • 15. juni
  • 15. september
  • 15. desember

Ver nøye med å betale forskotsskatten innan fristen

Når ein termin ikkje er betalt innan fristen (ved forfall), må forskotsskatten for heile året betalast. Det betyr at heile forskotsskatten for dette året kan tvangsinnkrevjast gjennom Forseinkingsrenter kjem i tillegg. Renter løper frå forfall og fram til betaling skjer.

Du vil motta eit varsel frå oss om dette.

Kor mykje forskotsskatt skal du betale?

Du skal betale forskotsskatt basert på forventa inntekt og/eller formue. 

I søknadsskjemaet vil du sjå berekning av forskotsskatt og eventuell prosent for skattekort nedst på sida.

Kan du ikkje betale?

Forskotsskatten skal betalast til forfall. Det gjeld sjølv om du har søkt om å endre skatten, og ikkje har fått svar på søknaden. Betalingsutsetting eller avdragsordning blir berre unntaksvis innvilga.

Skatteetaten bruker informasjon om inntekta di og formuen din frå siste tilgjengelege skatteoppgjer for å rekne ut kor mykje forskotsskatt du skal betale.

Dersom inntekta di eller formuen din blir lågare eller høgare enn forventa, bør du endre forskotsskatten slik at du slepp å betale for mykje eller for lite forskotsskatt.

Du må anslå, så godt du kan, kor mykje inntekt og formue du kjem til å få i år. Kontroller også at oppførte frådrag er korrekte.

Meir informasjon om forskotsskatt

Du kan sjølv justere fordelinga mellom forskotsskatt og skattetrekk. Du kan til dømes justere slik at du får eit høgare skattetrekk på løna din og lågare forskotsskatt, eller omvendt. Du kan ikkje endre forskotsskatten til eit lågare beløp enn det du allereie har betalt i forskotsskatt i år. Justering mellom forskotsskatt og skattetrekk endrar ikkje den totale utrekna skatten.

Du må logge inn for å gjere endringar mellom forskotsskatt og skattetrekk. Når du er logga inn, finn du dette feltet for justering av forskotsskatt nedst på sida:

Bilde-NYN_id1404.png

Sjå kor mykje du har betalt i forskotsskatt 

Du kan sjekke kor mykje du har betalt i forskotsskatt ved å logge inn på Sjå krava og betalingane dine.

Du får éin samla forskotsskatt, éi skattemelding og eitt skatteoppgjer. Du får eitt samla krav for alle skatteforholda.

Viss du har spørsmål eller ønskjer å søkje om endring av forskotsskatten, må du skrive ut skjema RF-1102 og sende det til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO

Skriv ut skjema RF-1102 – Søknad om endring av skattekort/forskotsskatt

Papirskjemaet inneheld mange postar. Du skal berre fylle ut postane som gjeld for deg.

Forskotsskatt

Her kan du sjå ein liten film som forklarer 

  • om du skal betale forskotsskatt
  • korleis du søkjer om forskotsskatt
  • kvar du finn betalingsinformasjon