Skattekort for pensjonistar

Har du vorte pensjonist? Sjå kva du må gjere med skattekortet ditt.

Du må oppdatere tala i skattekortet ditt

Du har framleis eit skattekort, og det er same skatt på pensjon som på lønn. Trygdeavgifta er likevel lågare, og dei som får alderspensjon frå folketrygda eller AFP opp til eit visst beløp, får eit ekstra skattefrådrag

Dei som betaler ut pensjon trekkjer skatt på same måten som arbeidsgivarar gjer. For at skattetrekket skal bli rett, er det viktig at du sjekkar at opplysningane i skattekortet er rette og eventuelt oppdaterer tala.

Rekn ut kva skatten din blir

Du kan rekne ut eit estimat på kva skatten din blir.

Hugs at skattekortet ditt ikkje blir endra automatisk.

Gjeld for deg som

Dette må du gjere:

Du må leggje inn kor mykje du kjem til å ha i pensjon totalt i år og kor mange månader du skal ta ut pensjon.

Pensjonistar som får alderspensjon frå folketrygda eller AFP opp til eit visst beløp, får eit ekstra skattefrådrag. Er den årlege pensjonen din høg, får du eit høgare skattetrekk enn ein pensjonist med låg årleg pensjon. Det er fordi skattefrådraget blir mindre dess høgare pensjon du har.

Dersom du får utbetalt feriepengar i år, må du leggje til feriepengane som lønnsinntekt. Feriepengar er alltid skattepliktige det året dei blir utbetalte.

Du kan jobbe samstundes som du får alderspensjon frå folketrygda utan at pensjonen blir redusert.

Dette må du gjere:

Pensjonistar som får alderspensjon frå folketrygda eller AFP opp til eit visst beløp, får eit ekstra skattefrådrag. Er den årlege pensjonen din er høg, får du eit høgare skattetrekk enn ein pensjonist med låg årleg pensjon. Det er fordi skattefrådraget blir mindre dess høgare pensjon du har.

Har du tabellkort?

Har du tabellkort, må du sørgje for at tabelltrekket berre blir brukt hos den utbetalaren som er hovudarbeidsgivaren din. Det vil seie dei du får høgast lønn eller pensjon frå. Du må sjølv kontakte utbetalaren for å melde frå om dette.

 

Du kan jobbe samstundes som du får alderspensjon frå folketrygda utan at pensjonen blir redusert.

Dette må du gjere:

Pensjonistar som får alderspensjon frå folketrygda eller AFP opp til eit visst beløp, får eit ekstra skattefrådrag. Er den årlege pensjonon din høg, får du eit høgare skattetrekk enn ein pensjonist med låg årleg pensjon. Det er fordi skattefrådraget blir mindre dess høgare pensjon du har.

Har du tabellkort?

Har du tabellkort, må du sørgje for at tabelltrekket berre blir brukt hos den utbetalaren som er hovudarbeidsgivaren din. Det vil seie dei du får høgast lønn eller pensjon frå. Du må sjølv kontakte utbetalaren for å melde frå om dette.

 

Særleg for deg som

Dette må du gjere:

I skattekortet legg du til AFP i feltet for type pensjon, kor mykje kjem til å ha i pensjon totalt i år og kor mange månader du skal ta ut pensjon.

Dette må du gjere:

Når du har logga inn i skattekortet må du

  • krysse av for "Eg har hatt uføretrygd før alderspensjon". Du må føre inn kor mykje du får i uføretrygd i året før du går over til alderspensjon.
  • skriv inn i feltet "Alderspensjon frå folketrygda" kor mykje du reknar med å få utbetalt i alderspensjon i året, kor mange månader du skal ha alderspensjon og velje "Uttak" (uttaksgrad). Uttaksgraden er kor mange prosent av heil pensjon du tar ut.

 

Dette må du gjere:

Attlevandepensjon får du utbetalt fram til du tar ut alderspensjon. Pensjonen blir avkorta mot inntekt og opphøyrer viss du som attlevande giftar deg på nytt. Du kan lese meir om attlevandepensjon på nettsidene til NAV.

Bur du i Noreg og mottar pensjon eller uføreytingar frå utlandet, er desse skattepliktige i Noreg.

Dette må du gjere:

Dersom inntekta ikkje er oppført i skattekortet, må du leggje ho inn, slik at du unngår eventuell restskatt.

Viss du bur i utlandet og mottar pensjon eller uføreytingar frå Noreg, skal du betale skatt av desse til Noreg, sjølv om du ikkje er skattemessig busett i Noreg.

Den som betaler ut pensjonen eller uføreytinga hentar skattekortet ditt elektronisk og trekkjer skatt for deg.

Dette må du gjere:

 

Meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.