Skjema RF-1102

Bestille, sjå eller endre skattekortet

Du kan bestille, sjå eller endre skattekortet ditt når du loggar deg inn.

Viss du tener 65 000 kroner eller mindre i løpet av året, treng du ikkje betale skatt. Då kan du bestille frikort i staden.

Før du bestiller eller endrar skattekortet bør du finne fram:

  • Lønnsslippen frå arbeidsgivaren din. Er det første gong du bestiller skattekort, må du gi opp kor mykje du trur at du kjem til å tene i løpet av året. 
  • Dokumentasjon frå NAV eller frå andre som betaler ut pensjon.
  • Dokument frå banken som viser gjelda di, gjeldsrenter og eventuelt formue.

Kva ønskjer du å gjere?

  1. Logg inn, legg inn tala dine og bestill.
  2. Arbeidsgivaren hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten. 
    Det vil seie at du ikkje får det heim i posten.
  3. Du får ei skattetrekksmelding. 

    Du får ei skattetrekksmelding om lag fem arbeidsdagar etter bestilling. Skattetrekksmeldinga viser skattekortet ditt og kva inntekter, utgifter, formue og gjeld du har oppgitt. Skattetrekksmeldinga finn du når du loggar inn på Min skatt. Viss du ikkje er sender vi skattetrekksmeldinga til den folkeregistrerte adressa di. 

  4. Neste år får du skattekort automatisk. 
    Kvart år i desember får du nytt skattekort som arbeidsgivaren din hentar. Dersom du ikkje har fått informasjon om skattekortet ditt innan 9. januar, kan det vere at Skatteetaten ikkje har nok opplysningar til å berekne eit skattekort. Då kan du bestille skattekort og leggje inn opplysningane sjølv.

Kopi av skattekortet

Viss du treng ein kopi av skattekortet ditt, kan du bestille ein kopi ved å ta kontakt med oss. Kopien blir sendt til den folkeregistrerte adressa di.

Utanlandsk arbeidstakar

Er du utanlandsk arbeidstakar, kan du bestille skattekort her.

  1. Logg inn
  2. Sjekk og eventuelt rett beløpa for det du har tent og blitt trekt i skatt frå januar og fram til no. Opplysningane finn du på den siste lønnsslippen din, eller ved å leggje saman beløpa på alle lønnsslippane eller pensjonsutbetalingane.
  3. Kontroller og eventuelt endre årsinntekt, andre inntekter og frådrag. Du skal oppgi alle beløpa for heile året og før frådrag (bruttobeløp).
  4. Når du er innlogga, finn du "Total beregnet skatt i 2022" nedst på sida. Viss du har endra noko, og det er stor skilnad på dette talet og talet ved sidan av som er stroke over, bør du sende inn endringane.

Du kan endre opplysningar om til dømes inntekta di, slik at skattekortet blir rett.

Du kan ikkje bestemme sjølv kor mykje skatt du vil betale kvar månad. Dersom du vil trekkje meir skatt enn skattekortet viser, kan du be arbeidsgivaren din om å gjere det.

Slik endrar du skattekortet:

  1. Logg inn.
  2. Kontroller og eventuelt rett beløpa for kva du har tent og blitt trekt i skatt frå januar og fram til du vil endre. 
    Opplysningane finn du på den siste lønnsslippen din, eventuelt ved å leggje saman beløpa på alle lønnsslippane/pensjonsutbetalingane.
  3. Kontroller og eventuelt endre årsinntekta, andre inntekter og frådrag. Alle beløpa skal givast opp for heile året og før frådrag (bruttobeløp). 
  4. Send inn endringane. Etter at arbeidsgivar har rapportert lønn første gong for gjeldande år, får du eit prosentkort, sjølv om du vanlegvis har eit tabellkort.
  5. Du får tilsendt ei ny skattetrekksmelding.
    Skattetrekksmeldinga er ei stadfesting på endringane som er gjort, og du finn ho når du Viss du ikkje er sender vi skattetrekksmeldinga til den folkeregistrerte adressa di.

  6. Arbeidsgivaren får automatisk beskjed og tilgang til det nye skattekortet. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivar.

Både NAV, pensjonsutbetalarar og alle arbeidsgivarar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten.

Har du tabellkort, må du passe på at tabelltrekket berre blir brukt av hovudarbeidsgivaren din, det vil seie arbeidsgivaren du mottar høgast inntekt frå. Du kan gjere det ved å snakke med arbeidsgivarane dine og fortelje dei om dei er hovudarbeidsgivaren eller biarbeidsgivaren din. Du kan eventuelt velje å endre til prosentkort.

Viss du får utbetalt fleire ulike ytingar frå NAV i same periode, må du passa på at tabelltrekket blir berre brukt på ei av ytingane. Du kan eventuelt velja å endra til prosentrekk. Her kan du lesa meir om skattetrekk hos NAV

Dersom du har mange arbeidsgivarar bør du endre skattekortet til prosentkort.

Har du tabellkort, må du passe på at tabelltrekket berre blir brukt av hovudarbeidsgivaren din, det vil seie arbeidsgivaren du mottar høgast inntekt frå. Du kan gjere det ved å snakke med arbeidsgivarane dine og fortelje dei om dei er hovudarbeidsgivaren eller biarbeidsgivaren din. Du kan eventuelt velje å endre til prosentkort.

Viktig informasjon
Du er sjølv ansvarleg for å passe på at det blir trekt korrekt skatt. Hugs at endringar i inntekter, utgifter, renter, formue eller livsendringar generelt kan vere grunn til å endre skattekortet. Dette gjeld særleg om du opplever inntektstap på grunn av permittering eller oppseiing.

Viktig informasjon

Hugs at endringar i inntekter, utgifter, formue eller livsendringar generelt, kan vere grunn til å endre skattekortet.

Du kan òg

 

Meir informasjon til deg som er:

Forskotsskatt

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), er deltakar i ansvarleg selskap eller har andre inntekter eller formue som ikkje er trekkpliktig, og betaler forskotsskatt, kan du endre forskotsskatten. Du kan også be om å få skrive ut forskotsskatt viss du ikkje har betalt forskotsskatt tidlegare.

Du er grensegjengar dersom du

  • bur i ein svensk eller finsk kommune som grensar mot Noreg, og
  • arbeider i ein kommune i Noreg som grensar mot landet du bur i

Alle grensegjengarar får ei skattemelding frå Noreg.

Som grensegjengar er du ikkje skattepliktig i Noreg, men i det landet du bur i. Dei fleste grensegjengarane er likevel medlemmer av norsk folketrygd og skal betale trygdeavgift. 

Korleis få skattekort

Dersom du er grensegjengar, må du ta kontakt med Skatteetaten og dokumentere at du fyller kravet for å vere grensegjengar. Når det er gjort, skriv Skatteetaten ut eit skattekort på 10 prosent, som er trygdeavgifta du skal betale.

Arbeidsgivaren din hentar skattekortet direkte frå Skatteetaten. Du får informasjon om skattekortet ditt, ei skattetrekksmelding, sendt til den adressa som er registrert på deg i Folkeregisteret. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din.

Ytingar frå NAV

Grensegjengarføresegna gjeld berre arbeidsinntekt. Dersom du tek imot ytingar frå NAV, eller ytingar frå arbeidsgivar som blir refundert av NAV, er dei ytingane vanlegvis skattepliktige til Noreg. Då må du ta kontakt med Skatteetaten for å få eit nytt skattekort.

Unnatak frå medlemskapen i norsk folketrygd

I utgangspunktet legg Skatteetaten til grunn at grensegjengarar som arbeider i Noreg er medlemmer av norsk folketrygd. Om du i tillegg arbeider i andre land enn Noreg, er du sannsynlegvis medlem i trygdeordninga i bustadslandet ditt. Då må du ta kontakt med Forsäkringskassan (Sverige) eller Pensionsskyddscentralen/Eläketurvaskeskus (Finland) for å få avklart medlemskapen.

Om du ikkje er medlem av norsk folketrygd, vil du få blankett A-1 frå trygdemyndigheitene i heimlandet ditt. Blanketten stadfestar at du er omfatta av trygdeordninga i heimlandet ditt, og er ein dokumentasjon på at du ikkje skal betale trygdeavgift i Noreg. Du må vise blanketten til Skatteetaten for å få sett ned skattetrekket.

Vil du vite mer om skatt? Skatt på 1-2-3

Se en kort film om sammenhengen mellom skattekort, skattemelding og skatteoppgjør, og hva du skal gjøre i løpet av året for å få riktig skatt.