Nytt skattekort for 2023
Hugs å kontrollera tala. Arbeidsgivaren hentar skattekortet ditt.
Skjema RF-1209
Søknad om skattekort for utanlandsk arbeidstakar
Dersom du er utanlandsk statsborgar og skal jobbe i Noreg, må du ha skattekort. Her kan du søkje om skattekort.
Viss du ikkje har elektronisk ID, må du anten
Har norsk fødselsnummer eller d-nummer
Viss du har fødselsnummer eller d-nummer, kan du sende søknaden i posten til:
Skatteetaten
Postboks 9200 – Grønland
0134 OSLO
Har ikkje norsk fødselsnummer eller d-nummer
Viss du ikkje har fødselsnummer eller d-nummer, må du bestille tid for ID-kontroll. Desse skattekontora utfører ID-kontroll. Last ned, fyll ut og ta med skjema RF-1209.
- eller få arbeidsgivar til å søkje for deg. Arbeidsgivar kan søkje for deg uavhengig av om du har elektronisk ID eller ikkje.
Skattekortet er klart
Skattekortet vil normalt sett vere klart innan 5 vyrkedagar. Etter at du har søkt om skattekort, sender vi deg ei skattetrekksmelding med informasjon om skattekortet ditt. Dette treng du ikkje levere til arbeidsgivaren din. Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten elektronisk.
Dersom du ikkje får valt arbeidsgivar når du søkjer om skattekort for arbeidstakar, må du få delegert ei av desse Altinn-rollene for verksemda.
Dersom du framleis har problem med å senda søknaden, kan du kontakte oss.