Slik får du eit skattekort dersom du har eit inaktivt d-nummer
Denne informasjonen gjeld for deg som har eit inaktivt d-nummer og treng eit skattekort. For at du skal å få eit skattekort, må d-nummeret ditt reaktiverast.
Kva betyr det at d-nummeret er inaktivt?
D-nummeret ditt får status «inaktivt» fem år etter at du fekk det tildelt. D-nummeret er ikkje ugyldig eller sletta.
For å få skattekort, må d-nummeret vere aktivt. Om du allereie har eit skattekort for i år, men d-nummeret ditt no er inaktivt, kan du bruke skattekortet som vanleg. For å få nytt skattekort neste år, må du aktivere d-nummeret ditt igjen.
Du må aktivere d-nummeret ditt igjen
Korleis du gjer det, kjem an på situasjonen din.
Viss d-nummeret er fem år eller eldre
Om du skal jobbe i Noreg og har eit d-nummer som er fem år eller eldre, må du møte til ID-kontroll.
Du bestiller sjølv time for ID-kontroll. Hugs å ta med deg gyldig pass eller nasjonalt ID-kort.
Når d-nummeret er aktivert igjen, kan du bestille skattekort.
Om du ikkje må møte til ID-kontroll
For å aktivere d-nummeret ditt igjen må du sende oss ein stadfesta kopi av passet ditt eller det nasjonale ID-kortet ditt.
- personar busette i utlandet som får pensjon frå Noreg og som er avgrensa skattepliktige til Noreg
- utanlandske personar som berre arbeider på norsk kontinentalsokkel
- sjøfolk som arbeider på NIS/NOR fartøy og som er skattemessig busette i utlandet
- fiskarar på norske fiskebåtar som er busette i ein annan EØS-stat og ikkje har opphald på fastlandet i Noreg
- utanlandske styremedlemmer i norske selskap som er avgrensa skattepliktige til Noreg
- personar som får lønn frå den norske staten for arbeid utført i utlandet og som er avgrensa skattepliktige til Noreg
- personar som får lønn frå norske undervisningsinstitusjonar og opphaldet er på inntil 14 dagar
Nokon kan også søkje om fritak frå å møte opp.
Slik sender du inn
Send oss ein stadfesta kopi av legitimasjonen din i posten. Skriv også kvifor du er fritatt frå ID-kontroll. Du finn lista med personar som er fritatte frå ID-kontroll over.
Send til
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Nokon kan søkje om fritak frå oppmøte til ID-kontroll
Desse personane må først søkje om fritak frå å møte opp til ID-kontroll:
- Personar som får ei skattepliktig utbetaling frå NAV eller andre tilsvarande pensjonsutbetalarar, og oppheld seg i utlandet.
- Personar som vil ha vanskar med å møte opp på eit norsk skattekontor på grunn av sjukdom eller reiseavstand.
For å søkje om unntak frå ID-kontroll, må du sende oss ein søknad og leggje ved ein stadfesta kopi av passet ditt eller det nasjonale ID-kortet ditt.
Send til
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Krav til stadfesta kopi av legitimasjon
Legitimasjonen må innehalde bilete, fullt namn, fødselsdato, kjønn, utløpsdato, statsborgarskap og maskinlesbar sone (MRZ).
Ein stadfesta kopi betyr at ein objektiv tredjepart har sett ID-dokumentet ditt fysisk i original, og stadfestar at det er tatt kopi av originaldokumentet. Dette skal stadfestast med signatur, stempel og dato.
Kopien skal
- vere i farge
- ha med både framside og bakside av legitimasjonsdokumentet
- ikkje vere eldre enn tre månader
- blir sendt per post
- Notarius publicus i Noreg eller i utlandet
- Norsk offentleg styresmakt, til dømes:
- Skattekontor
- Politi
- Nav
- Brønnøysundregistera
- Norsk utanriksstasjon
- Norsk domstol
- Norske kommunar
- Norsk autorisert rekneskapsførar
- Norsk advokat
- Norsk eigedomsmeklar
- Norsk autorisert eller statsautorisert revisor
- Norske bankar
- Nordisk folkeregisterstyresmakt
- Nordisk politi