Skattekortet for 2024 er klart

Skjema RF-1355

Arbeidsgivar kan søkje om skattekort på vegner av utanlandsk arbeidstakar

Du som arbeidsgivar kan søkje om skattekort for dei utanlandske arbeidstakarane dine. Dette gjeld uavhengig av om vedkomande allereie har eit norsk fødsels- eller d-nummer. Under ser du dokumenta og informasjonen du treng for å søkje. Hugs at ID-dokument må vere daterte og signerte.

Skattekort for utanlandsk arbeidstakar (RF-1355) erstattar ikkje innrapportering i oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret.

Dei fleste utanlandske arbeidstakarar vil få skattekort for kjeldeskatt på lønn. Arbeidstakar kan sjølv velja seg ut av ordninga og vil då få eit nytt skattekort og betala skatt etter ordinære reglar. Dette valet er det berre arbeidstakaren som kan ta. Du som arbeidsgivar må derfor vera oppmerksam på kva skattekort arbeidstakarane dine har til ein kvar tid og kva dette medfører for deg.

Du treng ikkje søkje dersom arbeidstakaren allereie har eit skattekort. Du kan hente skattekortet i lønnssystemet ditt eller bestillingstenesta for skattekort.

Roller og rettar du må ha for å kunne søkje om skattekort

For at du som arbeidsgivar skal kunne søkje om skattekort på vegner av ein utanlandsk arbeidstakar, treng du ei av desse Altinn-rollene for verksemda:

  • avgrensa signeringsrett
  • rekneskapsførar med signeringsrett
  • rekneskapsførar utan signeringsrett
  • rekneskapsførar lønn
  • alternativt enkelttenesta Skattekort for utanlandsk arbeidstakar (RF-1355) for verksemda i Altinn

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør (verksemd) på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.

Dokument og informasjon du treng for å søkje om skattekort

 

  • Kopi av passet til arbeidstakar eller annan type gyldig ID-dokument.
  • Dokumentasjon som viser at arbeidstakaren treng skattekort. Dette kan til dømes vere ein arbeidskontrakt eller eit skriftleg arbeidstilbod.
  • Ved tilknyting til eit vikarbyrå eller liknande blir det ikkje stilt krav til stadfesting av oppdrag. Stillingsprosenten må gå fram av arbeidskontrakten hos vikarbyrået.
  • Du må ha postadressa til arbeidstakaren tilgjengeleg, og du bør vite e-postadressa/telefonnummeret til arbeidstakaren.

  • Informasjon om d-nummer får du av arbeidstakaren din.
  • Dokumentasjon som viser at arbeidstakaren treng skattekort. Dette kan til dømes vere ein arbeidskontrakt eller eit skriftleg arbeidstilbod.
  • Ved tilknyting til eit vikarbyrå eller liknande blir det ikkje stilt krav til stadfesting av oppdrag. Stillingsprosenten må gå fram av arbeidskontrakten hos vikarbyrået.

ID-kontroll

Ta skriftleg kontakt med Skatteetaten for å få stadfesta at ID-kontroll er registrert. Er ID-kontroll registrert, kan arbeidsgivar hente skattekort elektronisk via bestillingsløysinga eller lønnssystemet.

Dersom ikkje arbeidstakar har gyldig ID-kontroll, må dette gjennomførast før skattekort blir utferda.

Skattekortet er klart

Når identiteten til arbeidstakaren din er kontrollert, og søknad om skattekort er send inn, tar det til vanleg inntil fire vyrkedagar før arbeidstakaren får informasjon om skattekort (skattetrekksmelding). Skattetrekksmeldinga blir send til den adressa som er registrert på arbeidstakaren.

Når skattekortet er klart, kan du som arbeidsgivar hente det via bestillingsløysinga eller via lønnssystemet ditt.

Informasjon om d-nummer får du av arbeidstakaren din. Dersom arbeidstakaren har arbeidsløyve, kan vedkommande byrje å jobbe medan han/ho ventar på skattekortet. Før skattekort er utferda skal arbeidstakar trekkjast 50 prosent i skatt.

Dersom du ikkje får valt arbeidsgivar når du søkjer om skattekort for arbeidstakar, må du få delegert ei av desse Altinn-rollene for verksemda.

Dersom du framleis har problem med å senda søknaden, kan du kontakte oss.