Bestill skattekort utan lønnssystem

Dersom du representerer ein organisasjon eller er personleg arbeidsgivar, kan du bestille elektronisk skattekort for dine tilsette her.

Har du eit lønnssystem som ikkje støttar henting av skattekort?

Då kan du bruke Skatteetaten si eiga løysing for å hente skattekortet. Du kan anten leggje inn personnummer manuelt, eller du kan laste opp ei XML-fil.

For å bruke tenesta må du ha éin av desse tilgangspakkane: 

For verksemder: 

  • Skatt næring
  • Lønn
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar

For privatpersonar:

  • Arbeidsliv 

Rolla «Kontaktperson for NUF» gir også tilgang til tenesta. 

Det er også mogleg å gi tilgang ved å delegere tilgang til enkelttenesta «Skattekort til arbeidsgivar». 

Når ein av dei tilsette endrar skattekortet sitt, vil vi sende melding til kontaktinformasjonen du gav oss i den siste bestillinga. Du får også informasjon om du har endringar du må hente, utan at du treng å sende inn ei bestilling.

Du kan bruke skattekort for 2025 på lønnskøyringa i januar 2026.

Nav sitt Aa-register

Elektronisk skattekort er ikkje synkronisert med Nav sitt Aa-register. Registrering eller manglande registrering i Aa-registeret har derfor ikkje innverknad på innhentinga av elektronisk skattekort.