Sjå kva for arbeidsgivarar som har henta skattekortet ditt
Du kan sjå kva for arbeidsgivarar som har henta skattekortet ditt.
Kven kan hente skattekortet
Ein arbeidsgivar kan berre hente skattekort for personar dei skal betale ut trekkpliktige ytingar til. Det vil seie personar som dei betaler lønn, pensjon eller andre trekkpliktige ytingar til. Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt direkte frå Skatteetaten.
Kva arbeidsgivar får vite
Skattekortet inneheld berre informasjon som arbeidsgivarane dine treng for å trekkje riktig skatt:
- nummeret på trekktabellen og/eller prosenttrekk
Arbeidsgivar får ikkje vite kva du forventar å tene eller andre opplysningar om deg og økonomien din.
Kva arbeidsgivar har sendt inn
Du kan kontrollere kva arbeidsgivar har rapportert inn om arbeidsforhold og lønnsopplysningar så langt i år.
Fleire arbeidsgivarar
Viss du har fleire arbeidsgivarar/pensjonsutbetalarar må du passe på at hovudarbeidsgivar/-pensjonsutbetalar (der du har høgast inntekt) nyttar tabelltrekk, medan dei andre nyttar prosentrekk.
Det same gjeld viss du får utbetalt fleire ulike ytingar frå NAV i same periode, då skal tabelltrekk brukast berre på ei av ytingane. Her kan du lesa meir om skattetrekk hos NAV
Tidlegare arbeidsgivar
Viss ein arbeidsgivar du ikkje jobbar for i år har henta skattekortet ditt, kan du be denne arbeidsgivaren om å fjerne deg frå lista over kva skattekort dei hentar inn.
Dersom du tidlegare har fått ytingar frå NAV
Dersom du tidlegare har fått ytingar frå NAV som du ikkje kjem til å ha i 2025, er det viktig at du sjekkar grunnlaget for skattekortet og endrar dette dersom grunnlaget ikkje stemmer.