Endra sivilstatus

Dersom du har fått endra sivilstatus kan det påverke både skattlegging og frådrag. Hugs óg å kontrollere skattekortet.

Ikkje-meldepliktige sambuarar blir skattlagde kvar for seg for inntekt og formue.

Frådrag

  • Gjeldsrenter for gjeld som begge er ansvarlege for, skal fordelast mellom partane etter ein reell og intern avtale om ansvar for gjelda. Har de ikkje ein intern avtale, skal rentefrådraget fordelast likt. Dette gjer de i skattemeldinga.  
  • Foreldrefrådrag kan fordelast likt mellom foreldra i skattemeldinga.

Reglane om skattlegging som ektefellar gjeld først for inntektsåret etter at de gifta dykk.
Det betyr at det året de gifta dykk skal de skattleggjast som to sjølvstendige personar, med kvar sin eigen formue og inntekt.

Døme:
Viss de gifta dykk i januar 2023, skal de skattleggjast som ektefellar først i 2024.

Skatteklasse

  • Dersom de har blitt separerte eller skilde og har flytta frå kvarandre før utgangen av inntektsåret, skal de skattleggjast kvar for dykk.
  • Hugs å sjekke skattekortet.

Frådrag

  • Frådragspostar som knyter seg til bestemte inntekter, skal førast til frådrag hjå den ektefellen som blir skattlagd for den aktuelle inntekta.
  • Kostnader som ikkje er knytte til bestemte inntektspostar, skal i utgangspunktet førast hjå den som er ansvarleg for kostnaden.
  • Gjeldsrenter, for gjeld som begge er ansvarlege for, kan førast til frådrag i skattemeldinga hjå den som har betalt rentene, dersom begge partane er samde. Dersom dei ikkje er samde, skal gjeldsrentene fordelast likt, såframt det ikkje finst opplysningar om at ektefellane heftar ulikt for gjelda.
  • Kostnader på grunn av samlivsbrot (kostnader til advokat ved fordeling av innbu, samværsrett, barnebidrag eller andre private kostnader i samband med samlivsbrot) får du ikkje frådrag for.

Skattekortet

Hugs å sjekke skattekortet. Har du fått meir eller mindre gjeld eller inntektane har endra seg, må du kanskje endra skattekortet ditt.

Dersom de har vore separerte (ikkje skilt) eller har levd skilt, skal de skattleggast som ektefellar dersom de har flytta saman før utgangen av inntektsåret.

Når en person dør, blir adressen automatisk fjernet i Folkeregisteret. 

Som gjenlevende ektefelle/partner kan du få tilsendt den avdødes skattemelding og skatteoppgjør ved å ringe eller skrive til oss

Dersom du ikke har overtatt boet i uskifte, må du dokumentere et saklig behov for innsyn i opplysningene.

Hvis inntekt og/eller formue endre seg

Sjekk skattekortet, slik at du ikke betaler for mye eller for lite skatt.