Pengar tilgode

Viss det i skatteoppgjeret står at du har pengar tilgode betyr det at du har betalt for mykje i skatt og får pengar igjen.

Dato for utbetaling 

Viss du har pengar til gode, vil du få desse utbetalt kort tid etter at du har fått beskjed frå oss om at skatteoppgjeret ditt er klart. 

Beløp under 100 kroner blir ikkje utbetalte.

Bankkonto

I skattemeldinga du fekk i mars/april, er det gitt opp kva konto pengane blir overførte til. Viss du ikkje har gitt opp nokon konto, får du tilsendt eit utbetalingskort i posten til din folkeregistrerte adresse.

Registrerer du kontoen din i Skatteetatens sjølvbeteningsløysing, vil denne vere oppdatert neste dag. Sendar du inn informasjon om kontoen din på brev eller e-post, vil behandlingstida vere mykje lengre. Har du ikkje norsk bankID, kan du bestille PIN-kode i ID-porten for å logge deg inn i sjølvbeteningsløysinga.

Renter

Renta er 0,39 prosent per år, rekna frå 1. juli i inntektsåret fram til skatteoppgjeret blir sendt deg i 2022.

Du kan endre kontonummer sjølv viss du treng det. Endring bør utførast så raskt som mogleg for at du skal få skattepengane inn på ønskt konto. 

Når du har fått skatteoppgjeret frå skatteinnkrevjing utland

Har du fått skatteoppgjeret frå skatteinnkrevjing utland, kan du bruke skjemaet kontoopplysningar om du ikkje er elektronisk bruker og må endre kontonummeret ditt.

Viss det er forskjell på beløpet som står tilgode på skatteoppgjeret og beløpet du har fått utbetalt, kan Skatteetaten ha gjort ein motregning i tilgodebeløpet.

Det er ein oppgjersmåte som inneber at to krav blir avrekna mot kvarandre så langt dei dekker kvarandre.

Du vil då få eige brev som viser kva krav som er dekte opp ved motregning.

Skulder du:

  • skatt eller forseinkingsrenter for tidlegare år,
  • skatt til andre kommunar,
  • har ubetalt bidragsgjeld, meirverdiavgift, arveavgift, eigedomsskatt eller
  • har andre restansar til stat eller kommune, til dømes bøter eller kommunale avgifter

kan Skatteetaten (og andre instansar som forvaltar slike krav) dekke krava sine gjennom motregning i ditt tilgodebeløp på skatten.

Har du spørsmål om dette, ta kontakt med oss.

Slik endrer du kontonummer for utbetaling

Filmen viser hvordan du sjekker hvilket kontonummer vi har registrert på deg og hvordan du registrerer eller endrer ditt kontonummer for utbetaling av skatt tilgode.