Pengar til gode

Viss det i skatteoppgjeret står at du har pengar til gode betyr det at du har betalt for mykje i skatt og får pengar igjen. For å få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må du ha registrert eit kontonummer.

Dato for utbetaling 

Viss du har pengar til gode, vil du få desse utbetalt kort tid etter at du har fått beskjed frå oss om at skatteoppgjeret ditt er klart. 

Beløp under 100 kroner blir ikkje utbetalte.

Sørg for riktig kontonummer før du leverer skattemeldinga

Viss du ikkje allereie har eit kontonummer registrert, eller du har fått nytt kontonummer, må du oppdatere så raskt som mogleg.

Du kan logge inn for å sjå kva kontonummer du har registrert for utbetaling av skattepengar.

Renter

Renta er 3,51 prosent per år, rekna frå 1. juli i inntektsåret fram til skatteoppgjeret blir sendt deg i 2024.

Skilnad på tilgodebeløpet og beløpet som er komme inn på konto

Viss det er skilnad mellom beløpet som står til gode på skatteoppgjeret og beløpet du har fått utbetalt, kan Skatteetaten ha gjort ei motrekning i tilgodebeløpet.

Du vil då få eit eige brev som viser kva for krav som er dekte opp ved motrekning.