Tips om feil i Folkeregisteret

Folkeregisteret er Noregs største register over personinformasjon. Det er viktig at opplysningane i registeret er rette, og vi undersøkjer alle tips vi får. 

Du kan tipse oss om du oppdagar at nokon står registrerte med feil informasjon i Folkeregisteret. 

Du kan tipse både som privatperson og på vegner av ei offentleg verksemd. Offentlege verksemder og styresmakter er pålagde å melde frå når opplysningane deira ikkje samsvarer med det som er registrert i Folkeregisteret. 

Du kan ikkje tipse om deg sjølv. Viss avviket gjeld opplysningar om deg sjølv, kan du melde frå om dette på registrere og endre opplysningar i Folkeregisteret.

Kva skjer etterpå? 

Vi behandlar alle tips, og vurderer dei etter regelverk og rutinar for Folkeregisteret og forvaltningslova.

På grunn av teieplikta kan vi ikkje gi deg tilbakemelding om utfallet av tipset.