Registrere eller endre kontonummer for utbetalingar frå Skatteetaten

For å få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må du oppgi kontoen du ønskjer å få pengane utbetalte til. Sjekk at du har registrert eit kontonummer og at det stemmer.

Har du fått brev om tilbakebetaling av skatt for dødsbu?

Me endrar berekninga av skatt på aksjeinntekter for dødsbu for inntektsåra 2020-2023

Har du fått brev om dette og skal registrere kontonummer, må du bruke Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt.

Treng du meir informasjon?

Les om kva du må gjere før me kan utbetale pengane.

For å registrere eller endre kontonummer for utbetaling av skatt må du ha en av disse tilgangspakkene

  • Ansvarlig revisor
  • Regnskapsfører med signeringsrett
  • Revisormedarbeider
  • Skatt næring
  • Skatteforhold for privatpersoner

Disse Altinn-rollene gir også tilgang:

  • Ansvarlig revisor
  • Begrenset signeringsrett
  • Regnskapsfører med signeringsrett
  • Regnskapsmedarbeider
  • Skatteforhold for privatpersoner

Altinn roller slutter å gi tilgang senest 31.12.2026, men Skatteetaten kan beslutte å avvikle disse før.

Verdt å vite:

  • Vi kan utbetale beløpet til ein bankkonto du sjølv eig. I nokre tilfelle kan vi også utbetale til ein konto du disponerer.
  • Kontonummer som krev KID, kan ikkje brukast. 

Andre måtar å endre kontonummer

Viss ein person er død, kan du som ansvarleg for dødsbuet sjølv registrere kontoen tilgodebeløpet skal utbetalast til. Det gjer du på same måten som om du skal endre kontonummeret for deg sjølv, men du må velje dødsbuet når du loggar inn.

Om du ikkje kan bruke denne løysinga, kan du som er ansvarleg for dødsbuet fylle ut skjemaet Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt, og oppgi kontoen du ønskjer å bruke til utbetalinga av tilgodebeløp.

Når kontoen er registrert, får du ei stadfesting.

Du kan registrere eit utanlandsk bankkontonummer som ikkje har IBAN

Når kontoen er registrert, får du ei stadfesting. Du blir varsla på e-post eller SMS.

For å registrere eit kontonummer for eit sletta selskap, må du anten skriva til oss eller bruke Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt. Kva for eit skjema du skal bruke, kjem an på rolla di i selskapet, kva tilgangar de har gitt tidlegare og korleis selskapet vart avvikla.

Dersom alle kontoane til selskapet er sletta, og du må registrere ein konto som ikkje høyrer til firmaet, må du informere om kven som eig kontoen.

  • Bruk skjemaet Skriv til oss
  • Vel temaet "Betaling eller utbetaling", "Skatt" og så "Jeg har andre spørsmål om inn- og utbetaling av skatt"

Du må skrive kva søknaden gjeld, i tillegg til namn og organisasjonsnummer på selskapet. 

Tidlegare styreleiar vil ha tilgang til å registrera eller endra kontonummer dersom det ikkje er oppretta avviklingsstyre.

Benytt Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt (tidlegare RF-1520). Når du blir beden om å velja kven du ønskjer å representera, vel å sjå avvikla verksemder i lista og vel den verksemda du skal endra kontonummer for. Fyll ut og send inn skjema.

Viss du ikkje har norsk BankID, kan du logge inn med ID-porten og aktiveringskode for å logge deg inn i sjølvbeteningstenesta.

Om du ikkje er elektronisk brukar, kan du bruke skjemaet kontoopplysningar for å endre kontonummeret ditt.

Dersom du ikkje kan endre kontonummeret elektronisk, kan du sende oss eit brev om endringa. Legg ved kopi av legitimasjonen din og ei utskrifta frå banken som viser at du er eigar av eller disponent til den kontoen du ønskjer pengane overførte til.

Brevet sender du til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Dersom det er andre grunnar til at du ikkje får endra kontonummeret slik du ønskjer, kan du skrive til oss.

Dersom det manglar kontonummer

Manglar vi kontonummeret ditt, får vi ikkje betalt ut beløpet. Dersom dette gjeld deg, vil du få eit eige brev frå oss.