Søk om utsett frist for levering av skattemeldinga
Viss det blir vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing. Du kan ikkje søkje etter at fristen har gått ut, så du må vere ute i god tid om dette gjeld deg.
Søk innan leveringsfristen
Elektroniske søknader blir innvilga automatisk.
30. april
- lønnstakarar
- pensjonistar
4. juni
- enkeltpersonføretak og selskap
- eigarar av andelar i deltakarlikna selskap
- utanlandske næringsdrivande med fast forretningsstad i Noreg (filial)
Viss du ikkje kan sende søknaden elektronisk, må du sende oss eit brev der du ber om utsett frist. Send søknaden per post til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO
Det tar lengre tid å behandle søknader som blir sende på papir.
Viss ektefellen din er næringsdrivande, har de den same leveringsfristen
Dersom ein av dykk søkjer om utsett frist og får innvilga dette, vil den andre automatisk få den same fristen.
Desse kan få utsett frist
- lønnstakarar og pensjonistar
- enkeltpersonføretak og selskap
- eigarar av andelar i deltakarlikna selskap
- utanlandske næringsdrivande med fast forretningsstad i Noreg (filial)
Du kan søkje om utsetjing for éin månad. Vi gir ikkje lengre utsetjing enn det.
Dersom du er næringsdrivande og ikkje leverer eller søkjer om utsetjing innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.
Utsetjing kan gi seinare skatteoppgjer
Viss du søkjer om utsetjing, kan det hende du får skatteoppgjeret ditt seinare.
Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.