Endre skattemeldinga på papir
Viss du får skattemeldinga på papir, skal du sjekke at alt er riktig, gjere eventuelle endringar og sende den. Sjølv om du fekk skattemeldinga på papir, kan du velje å logge inn og levere elektronisk.
Tidlegare har du fått skattemeldinga på papir delt inn i postar. No har vi delt den inn i tema med opplysningar som naturleg høyrer saman:
- Arbeid, trygd og pensjon
- Bank, lån og forsikring
- Bustad og eigedelar
- Familie og helse
- Finans
- Gåve og arv
- Andre forhold
Dette er dei same temaa du vil finne dersom du loggar inn og sjekkar skattemeldinga di elektronisk.
Det viktigaste er framleis at du sjekkar, endrar eller legg til opplysningar i skattemeldinga di. Har du ikkje nokon endringar, treng du ikkje sende inn skattemeldinga.
Du kan også logge deg inn og levere skattemeldinga elektronisk, sjølv om du fekk skattemeldinga på papir.
Slik ser papirskattemeldinga ut:
Endre papirskattemeldinga
Rette og endre opplysningar
Du kan skrive inn nytt beløp viss du meiner dei førehandsutfylte opplysningane under temaa ikkje stemmer eller er mangelfulle.
Beløp som er førehandsutfylte under temaa og som du meiner er feil, rettar du ved å setje ein strek over talet og føre rett beløp i kolonnen «retta til».
Det kan til dømes sjå slik ut:
Leggje til opplysningar som manglar
Opplysningar som manglar kan du skrive under "Noko som manglar?" som du finn nedst i skattemeldinga di.
Du må då oppgi kva det er som manglar, i tillegg til eventuelt land og beløp.
Døme:
Kva er det? |
Land |
Beløp |
Formue bankkonto xxxx xx xxxx |
Spania |
25 000 kroner |
Renteinntekt bankkonto xxxx xx xxxx |
Spania |
23 kroner |
Hjelp til ufylling - last ned og fyll ut (pdf)
Enkelte opplysningar krever at du leverer eit skjema i tillegg til skattemeldinga di:
- Formue, utbytte, gevinst og tap på aksjer og andre finansielle produkter
- Bank og kontoopplysninger
- Fradrag for skatt betalt i utlandet, Kreditfradrag
- Næringseiendom
- Avskrivninger
- Salg av eiendom
- Utleie av eiendom
- Arbeids- og pendlerreiser (reisefradrag)
Adresse
Viss du har endringar, sender du den ferdig utfylte skattemeldinga til:
Skatteetaten Skattemelding
Postboks 9357 Grønland
0135 Oslo
Du kan også logge deg inn og levere skattemeldinga elektronisk, sjølv om du fekk skattemeldinga på papir.
Skrive ut skattemeldinga
Viss du fekk skattemeldinga elektronisk, kan du skrive ut skattemeldinga di viss du vil ha den tilgjengeleg på papir.