Søknad om støtte til utgifter i samband med gravferd (gravferdsstønad)

Gravferdsstønad skal bidra til å dekkje faktiske og nødvendige utgifter til gravferda.  

Fordi rett til stønaden er avhengig av inntekt og formue, vil Nav be om å få skattemeldinga til den avdøde i samband med søknaden.  

Hos Nav finn du informasjon om gravferdsstønad 

Dersom gravferdsbyrået søkjer for deg

Mange gravferdsbyrå tilbyr å søkje om gravferdsstønad for deg.  

Dersom du vil at gravferdsbyrået skal søkje for deg, gir du gravferdsbyrået fullmakt til å hente inn skattemeldinga til den avdøde. Dersom den avdøde var gift/partnar eller sambuar med felles barn, må også ektefelle/partnar/sambuar med felles barn gi fullmakt til at gravferdsbyrået kan hente inn skattemeldinga ektefelle/partnar/sambuar med felles barn. 

Dersom du søkjer sjølv 

Dersom du sjølv søkjer om gravferdsstønad frå Nav, må du leggje ved skattemeldinga til den avdøde for det siste året. Du må også leggje ved skattemeldinga for eventuell attlevande ektefelle, partnar eller sambuar med felles barn.