D-nummer
Det finst to typar identitetsnummer i Noreg: Fødselsnummer og d-nummer. Eit norsk d-nummer er eit identitetsnummer som vi kan tildele dei som ikkje skal ha eit fødselsnummer.
D-nummer er til dømes aktuelt for deg som skal jobbe i Noreg i nokre månader, er asylsøkjar eller er utanlandsk statsborgar og har eit styreverv i eit norsk firma.
Kven kan få d-nummer?
Du kan ikkje søkje om d-nummer sjølv.
Ei verksemd eller styresmakt kan rekvirere eit d-nummer når dei treng at du har eit norsk identitetsnummer. Det kan til dømes vere for å få lagt deg inn i saksbehandlingssystemet sitt.
Du kan få eit d-nummer når du
- ikkje oppfyller vilkåra for å få eit fødselsnummer
- tilhøyrer ei brukargruppe som kan få d-nummer etter reglane, til dømes fordi
- du skal betale skatt til Noreg
- du er asylsøkjar eller har anna gyldig opphaldsløyve
- du får trygd
- du skal opne ein bankkonto
- du eig ein bustad i Noreg
- legg fram ein stadfesta kopi av legitimasjonen din når du blir beden om det
- møter til ID-kontroll når ei verksemd ber deg om det
- Skatteetaten – til skatte- og avgiftspliktige personar
- NAV – for EØS-arbeidssøkjarar og/eller mottakarar av trygdeytingar
- Bankar, finansinstitusjonar og forsikringsselskap – for forretningsforhold med norske bankar eller andre finansinstitusjonar
- Verdipapirsentralen – ved skiping av VPS-konto
- Brønnøysundregistera – for registrering i Føretaksregisteret, Einingsregisteret eller Lausøyreregisteret
- Kartverket – som matrikkelstyresmakt for tinglysing av fast eigedom
- Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) – for asylsøkjarar og NATO-personell som skal ha fastlege
- Utlendingsdirektoratet, Utlendingseininga til politiet og Utlendingsnemnda – for asylsøkjar ved registrering av søknad om vern og for andre personar med gyldig opphaldsløyve
- Utanriksdepartementet – for utanlandsk ambassadepersonell eller utanlandske borgarar i internasjonale organisasjonar og mellomstatlege konvensjonsorgan med sete i Noreg
Stadfesta kopi av legitimasjonen din
Du må som regel sende ein stadfesta kopi av passet ditt eller det nasjonale ID-kortet ditt til verksemda eller styresmakta som skal rekvirere eit d-nummer til deg.
Legitimasjonen må innehalde bilete, fullt namn, fødselsdato, kjønn, utløpsdato, statsborgarskap og maskinlesbar sone (MRZ).
Krav til stadfesta kopi
Ein stadfesta kopi betyr at ein objektiv tredjepart har sett ID-dokumentet ditt fysisk i original, og stadfestar at det er tatt kopi av originaldokumentet. Dette skal stadfestast med signatur, stempel og dato.
Kopien skal
- vere i farge
- ha med både framside og bakside av legitimasjonsdokumentet
- ikkje vere eldre enn tre månader
- blir sendt per post
- Notarius publicus i Noreg eller i utlandet
- Norsk offentleg styresmakt, til dømes:
- Skattekontor
- Politi
- Nav
- Brønnøysundregistera
- Norsk utanriksstasjon
- Norsk domstol
- Norske kommunar
- Norsk autorisert rekneskapsførar
- Norsk advokat
- Norsk eigedomsmeklar
- Norsk autorisert eller statsautorisert revisor
- Norske bankar
- Nordisk folkeregisterstyresmakt
- Nordisk politi
Krav om ID-kontroll
Verksemda som rekvirerer d-nummeret til deg, kan krevje at du møter til ID-kontroll. Det er Skatteetaten som gjennomfører ID-kontrollen.
D-nummer med status inaktiv
D-nummeret ditt får status «inaktivt» fem år etter at du fekk det tildelt. D-nummeret er ikkje ugyldig eller sletta, og du kan framleis bruke det i mange samanhengar.
Verksemder som bruker opplysningane om deg frå Folkeregisteret, kan krevje at d-nummeret ditt har status «aktiv» i Folkeregisteret. I slike tilfelle må d-nummeret ditt aktiverast igjen. Ei slik reaktivering blir ikkje gjord før etter at d-nummeret har fått status «inaktiv».
Eit d-nummer kan aktiverast igjen på to på måtar:
- Ei verksemd som kan rekvirere eit d-nummer, ber Skatteetaten om å aktivere det igjen.
- I dei fleste tilfelle må du leggje fram ein stadfesta kopi av legitimasjonen din. Verksemda kan også stille krav om at du møter til ID-kontroll for å aktivere d-nummeret ditt igjen. Då må du sjølv bestille time for ID-kontroll.
- Du bestiller sjølv time for ID-kontroll og får aktivert d-nummeret ditt.
Du kan ikkje møte til ID-kontroll for å få aktivert d-nummeret, før d-nummeret har fått status inaktivt
Eit d-nummer som er aktivert på nytt, vil få status «inaktivt» igjen fem år seinare.
Du kan logge inn for å sjekke om d-nummeret ditt er sett som inaktivt.
Sjekk om opplysningane som er registrerte på d-nummeret ditt er rette
Du kan logge inn for å sjekke kva opplysningar som er registrerte på d-nummeret ditt. Vi rår deg også til å sjekke at du er registrert med rett postadresse. Du kan sjekke opplysningane her:
Sjå opplysningar i Folkeregisteret
Når du har logga inn, kan du også melde frå om endringar av personopplysningar.
Dette betyr siffera i d-nummeret ditt
D-nummeret består av elleve siffer.
- Dei seks første siffera viser fødselsdatoen, og det første sifferet er auka med 4. Om du til dømes er fødd 01.01.85, vil dei første siffera i d-nummeret ditt vere 410185.
- Dei tre neste siffera er individnummer, der det tredje nummeret viser til kjønn. Partal blir gitt til kvinner, og oddetal blir gitt til menn.
- Dei to siste siffera er kontrollsiffer.
Eit personnummer er dei fem siste siffera i fødselsnummeret.