Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Del frikortet på fleire arbeidsgivarar

Du må ha eit frikort før du kan fordele på fleire arbeidsgivarar, og du må vere elektronisk brukar.

Logg inn. Hugs at du må først bestille frikortet før du kan dele det.

Del frikortet på fleire arbeidsgivarar
Bestill frikort her dersom du ikkje allereie har fått dette.

Frå og med det året du fyller 13 år får du automatisk tildelt frikort dersom du tente mindre enn 60 000 kroner året før. Kortet er tilgjengeleg elektronisk og du treng ikkje bestille nytt frikort viss du har eit frå før.

Logg inn for å sjekke om du har fått frikort.

Frikortet er tilgjengeleg for arbeidsgivar straks det er tildelt. Du får beskjed på e-post eller SMS når ein ny arbeidsgivar hentar frikortet. For at vi skal kunne gi deg beskjed, må du vere registrert som elektronisk brukar.

Vi gir deg beskjed

Du får beskjed på e-post eller SMS når du må fordele frikortet mellom fleire arbeidsgivarar. For at vi skal kunne gi deg beskjed, må du vere registrert som elektronisk brukar. Du kan berre fordele beløpet på arbeidsgivarar som har bedt om frikortet ditt.

Slik gjer du det:

  • Logg inn.
  • Finn namnet på firmaet du skal jobbe hos på lista.
    Viss firmaet du skal jobbe hos ikkje står på lista, ber du dette firmaet om å søkje om frikortet ditt.
  • Avgjer kor mykje du vil tene på denne jobben.
    Dersom du har fleire jobbar, deler du opp beløpet slik at det blir maks 60 000 kroner til saman. Dette inneber at du må redusere beløpet hos éin arbeidsgivar for å kunne gi meir til ein annan. Dersom du allereie har tent noko hos ein arbeidsgivar, kan du ikkje gi denne arbeidsgivaren eit lågare beløp enn det du har tent.
  • Skriv inn beløpet du har valt, i feltet for det aktuelle firmaet.
  • Trykk på send inn.

Du kan gjere dette fleire gongar i løpet av året, til dømes viss du får ny jobb eller du jobbar meir på éin stad enn det du har registrert.

Dersom ein tidlegare arbeidsgivar har bedt om frikortet ditt

Viss eitt av firmaa på lista er ein arbeidsgivar du ikkje lenger jobbar for, kan du sette 0 i ruta for dette firmaet. Då kan du gi heile fribeløpet ditt til ein ny arbeidsgivar.