Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Obligasjonar
Du må skatte av gevinst og renteinntekter på obligasjonar. Har du selt obligasjonar med tap, kan du få frådrag for tapet.
Gjeld for
Selskap som eig eller har selt obligasjonar.
Ein obligasjon er eit gjeldsbrev som viser at selskapet har lånt ut pengar til eit statleg organ, ein bank eller eit selskap. Ein obligasjon er ein type gjeldsbrev,som kan kjøpast og seljast. Den som kjøper ein obligasjon blir utlånar, og låntakaren betaler renter i perioden dei låner pengane (også kalla løpetida). Verdien på obligasjonen kan auke og falle i verdi.
Satsar og nøkkeltal
Selskapet må skatte 22 prosent av gevinstar og renteinntekter på obligasjonar.
Dette må selskapet gjere
Eig obligasjonar
Verdien på obligasjonar som selskapet eig, skal førast i næringsspesifikasjonen og inngå i den samla formuen i skattemeldinga til selskapet.
Renteinntekter på obligasjonar skal førast i næringsspesifikasjonen og i skattemeldinga under spesifikasjon relevant for skattlegging og kortgruppe finans.
Kjøpt obligasjonar
Viss selskapet har kjøpt obligasjonar i andrehandsmarknaden, kan det hende at det er betalt for renter som er opptente frå førre renteforfall og fram til tidspunktet for kjøpet. Når selskapet kjøper ein obligasjon, skal det skattleggjast for renter komne på etter kjøpet, sjølv om selskapet normalt får utbetalt renter for heile renteterminen. Renta som er opptent før førre renteforfall og fram til tidspunktet for kjøpet, må derfor førast opp som ei fordring i rekneskapen til selskapet, og ikkje som ein del av kostprisen på obligasjonen.
Det er berre renter tente opp etter kjøpet av obligasjonen som skal inntektsførast.
Selt obligasjonar
Viss selskapet har selt obligasjonar med tap, får selskapet frådrag for tapet. Har selskapet selt med gevinst, er gevinsten skattepliktig. Tap og gevinst blir oppgitt i næringsspesifikasjonen og i skattemeldinga under spesifikasjon relevant for skattlegging og kortgruppe finans, for det inntektsåret obligasjonane vart selde.
Det er berre renter tente opp før salet av obligasjonen som skal inntektsførast.
Rapportering i næringsspesifikasjonen
Resultatrekneskap næringsspesifikasjon
I resultatrekneskapen i næringsspesifikasjon skal gevinst, tap, renteinntekt og urealisert verdiendring frå obligasjonar førast opp i desse postane:
Gevinst og tap:
- 8074 – Gevinst ved realisasjon av aksjar, eigenkapitalbevis og fondsandelar
- 8174 – Tap ved realisasjon av aksjar, eigenkapitalbevis og fondsandelar
Renteinntekt:
- 8090 – Inntekt av andre investeringar/utbytte
Urealisert verdiendring:
- 8080 – Verdiauke av finansielle instrument vurdert til verkeleg verdi
- 8115 – Nedskriving av finansielle eigedelar
- 8100 – Verdireduksjon av finansielle instrument vurdert til verkeleg verdi
Rekneskapsmessig gevinst, tap, urealiserte verdiendringar og renteinntekter som er førte i resultatrekneskapen, blir tilbakeførte som permanente skilnader i næringsspesifikasjonen.
Oversikt over postane i resultatrekneskapen og tilhøyrande permanente skilnader:
| Post i resultatrekneskapen | Tilhøyrande permanent skilnad |
| 8100 – Verdireduksjon av finansielle instrument vurdert til verkeleg verdi |
Tilbakeføring av verdireduksjon av finansielle instrument vurdert til verkeleg verdi |
| 8115 – Nedskriving av finansielle eigedelar |
Rekneskapsmessig nedskriving på aksjar og andre finansielle instrument i år Reversering av tidlegare års nedskriving på aksjar og andre finansielle instrument inntektsførte i år |
| 8174 – Tap ved realisasjon av aksjar, eigenkapitalbevis og fondsandelar | Rekneskapsmessig tap ved realisasjon av aksjar og andre finansielle instrument |
| 8074 – Gevinst ved realisasjon av aksjar, eigenkapitalbevis og fondsandelar | Rekneskapsmessig gevinst ved realisasjon av aksjar og andre finansielle instrument |
| 8080 – Verdiauke av finansielle instrument vurdert til verkeleg verdi | Tilbakeføring av verdiauke av finansielle instrument vurdert til verkeleg verdi |
| 8090 – Inntekt av andre investeringar/utbytte | Tilbakeføring av inntektsført utbytte |
Skattepliktig gevinst, tap og renteinntekter frå obligasjonar skal takast med som skattepliktig inntekt eller tap med frådragsrett under desse permanente skilnadene:
- Gevinst: Skattepliktig gevinst ved realisasjon av aksjar og andre finansielle instrument
- Renteinntekt: Skattepliktig utbytte på aksjar osb. inklusiv tillegg etter skattelova § 16-30 (5)
- Tap: Tap med frådragsrett ved realisasjon av aksjar og andre finansielle instrument
Avhengig av kva rekneskapsprinsipp som blir brukt, vil det kunne oppstå mellombelse skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar på obligasjonar.
Mellombelse skilnader knytte til obligasjonar skal ikkje rapporterast i næringsspesifikasjonen. Resultatført urealisert gevinst eller tap på obligasjonar blir i staden rapportert som permanente skilnader.
Rapportering i skattemeldinga
I spesifikasjonen til skattemeldinga skal det førast opp ein del opplysningar om obligasjonar som selskapet eig eller som har vorte realiserte i løpet av inntektsåret.
Det skal mellom anna opplysast om
- namn på obligasjonane
- namn på kontoførar
- opplysningar om gevinst
- opplysningar om tap
- renteinntekter
Skatteetaten får mange av desse opplysningane direkte frå tredjepartar.
Vi får ikkje opplysningar om til dømes ein del utanlandske obligasjonar.
Vi deler opplysningane vi får med årsoppgjerssystema, slik at opplysningane kan importerast direkte i det systemet selskapet bruker.
Sjekk alle opplysningane
Du må sjølv kontrollere at alle opplysningane er rette og leggje
til eller endre informasjon som manglar eller er feil, før skattemeldinga med spesifikasjonar blir send inn.