Viktig informasjon

Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.

Feilfylling av avgiftsfri diesel

Avgiftsfri diesel er fritatt for vegbruksavgift, og skal berre brukast i traktorar, motorreiskapar og liknande, som normalt ikkje er meinte for bruk på offentleg veg.

Fyller du avgiftsfri diesel ved ein feil, må du melde frå til Skatteetaten.

Avgiftsfri diesel blir også kalla anleggsdiesel, farga diesel eller merkt diesel.

Dette må du gjere

Kontakt Skatteetaten med ein gong og rapporter feilfyllinga.

Vi treng denne informasjonen:

  • registreringsnummeret
  • tidspunktet for feilfyllinga av den avgiftsfrie dieselen

talet på liter feilfylt avgiftsfri diesel.

Når du seier frå, skjer dette

Skatteetaten vil krevje avgift på det talet liter som er fylt. Vegbruksavgifta er 2,69 kroner per liter frå 1. januar 2025.

Personen som melder frå om feilfyllinga av den avgiftsfrie dieselen, vil få ei stadfesting på rapporteringa. Stadfestinga må oppbevarast i bilen. 21 dagar etter rapporteringa skal drivstofftanken ikkje innehalde meir enn 3 prosent merkt (avgiftsfri) diesel.

Viss du har fylt avgiftsbelagd diesel på til dømes ein traktor, er det dessverre ikkje mogleg å få refundert avgifta.

Viss du ikkje seier frå, skjer dette

Viss du ikkje melder feilfyllinga til Skatteetaten, og det blir oppdaga i ein kontroll, må du betale ei avgift. Avgifta er på 20 000 kroner for personbilar. Dette gjeld òg for andre køyretøy med tillaten totalvekt under 3 500 kilogram. Tyngre motorvogner får ei høgare avgift.

Både eigaren og personen som disponerer køyretøyet er ansvarlege for å betale avgifta, uavhengig av kven som faktisk har fylt den avgiftsfrie dieselen.