Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Rapportere endra bruk av ei avgiftspliktig vare
Viss du har kjøpt ei vare avgiftsfritt eller med redusert sats for å bruke henne til eit bestemt føremål, og du har brukt vara til eit anna føremål, må du betale rett avgift. Du må rapportere bruksendringa så raskt som mogleg
Avgifter som dette kan vere relevant for
- avgift på sukker
- vegbruksavgift
- avgift på smørjeolje
- avgift på mineralske produkt
Slik rapporterer du
Dette må du oppgi:
- kjøpsdatoen for vara
- bruksdatoen for vara
- varemengda
Har du ikkje norsk ID, må du rapportere via kontaktskjemaet til Skatteetaten.
Spesielt for deg som
Viss du har kjøpt mineralolje med redusert sats for fiske i fjerne farvatn, men du har også fiska i nære farvatn på den same turen, må du betale rett avgift for heile bunkringa.
Redusert sats for fiske i fjerne farvatn
For å kjøpe mineralolje med redusert sats på CO2-avgifta, må
- fiskinga skje berre i fjerne farvatn, det vil seie meir enn 250 nautiske mil frå norskekysten
- du oppgi kvar fiskinga skal skje i ei fråsegn til bunkersleverandøren
Viss fartøyet likevel fiskar innanfor grensa på 250 nautiske mil, blir heile bunkringa avgiftspliktig. Du må rapportere dette med ein gong. Etter at skjemaet er sendt inn, må du betale avgifta innan neste vyrkedag.
Slik rapporterer du
Dette må du oppgi:
- bunkringsdatoen
- oppstartsdatoen for fisket innanfor grensa på 250 nautiske mil
- mengda på mineraloljen som vart bunkra
Har du ikkje norsk ID, må du rapportere via kontaktskjemaet til Skatteetaten.
Etter at du har sendt inn rapporteringa, vil du få ei stadfesting med betalingsinformasjon. Etter at skjemaet er sendt inn, må du betale avgifta innan neste vyrkedag.
Det er ikkje nødvendig å registrere verksemda som særavgiftspliktig for CO2-avgift.
Verksemda kan få tilleggsskatt
Viss mineralolje med redusert sats blir brukt til andre føremål enn det som er oppgitt i fråsegna, kan verksemda få tilleggsskatt om dette blir oppdaga i ein kontroll.