Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.
Mine personopplysninger
Du har rett til innsyn i de personopplysningene vi har registrert om deg. Du har rett til å vite hva de brukes til, hvor de er hentet fra og hvem de utleveres til.
Det finnes flere unntak fra innsynsretten. For eksempel gis du ikke innsyn i opplysninger som kan avsløre kontroll eller kontrollmetodikk og det utleveres ikke taushetsbelagte opplysninger om andre.
Opplysninger du selv kan logge inn for å se
Du får informasjon om:
-
- namn
- fødselsnummer
- bustadadresse
- eventuell postadresse (opphaldsadresse om du har d-nummer)
- eventuell registrert kompetanse på samisk språk
-
- kva for arbeidsgivar(ar) som har henta skattekortet ditt
- kva for opplysningar arbeidsgivaren din har sendt oss
-
- skattekort - kva arbeidsgivaren din trekkjer deg i lønn
- skattemelding - samla oversikt over inntekter, frådrag, formue og gjeld du har
- skatteoppgjer - resultatet av ei ferdig behandla skattemelding, der du får vite om det blir pengar til gode eller om du må betale tilbake pengar (restskatt)
- tilgangar - du kan gi andre tilgang til å sjå eller endre i skatteforholda dine
- krav og betalingar - ei oversikt over alle krav (fire år tilbake i tid) mellom Skatteetaten og deg. Har du fått restskatt eller pengar igjen på skatten, vil dette beløpet stå i lista over krav.
Viss du vil vite meir om
- kva opplysningar Skatteetaten behandlar
- kva opplysningane blir brukte til
- kvar vi innhentar opplysningane frå
- kven vi kan dele opplysningane med
Opplysningar du kan be om å få sjå
Du har rett til å få ein kopi av alle personopplysningane vi behandlar om deg. Du har også rett til å til dømes få vite kva opplysningane blir brukte til, kvar dei er henta frå og kven dei blir utleverte til. Dersom det er spesielle område, opplysningar eller årstal du ønskjer innsyn i, og som du ikkje finn i nokon av løysingane du kan logge deg inn i sjølv, ber vi deg spesifisere kva du ønskjer opplysningar om, og sende oss ein førespurnad.
Slik kan du be om å få sjå personopplysningar om deg sjølv
Når vi gir innsyn i eigne personopplysningar, må vi vere heilt sikre på at vi gir opplysningane til rett person. Du må derfor anten
- logge deg inn og sende ein førespurnad om kva du ønskjer opplysningar om eller
- sende eit brev til oss og skrive kva du ønskjer opplysningar om: Skatteetaten, Postboks 3200, Grønland 0134 Oslo
Du får svar frå oss anten i innboksen din i Altinn eller til den folkeregistrerte postadressa di, dersom du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon.
Behandlingstid
Fristen for å svare på ein førespurnad etter personopplysningslova er 1 månad, men denne kan i nokre tilfelle utsetjast i ytterlegare 2 månader. Dersom det er nødvendig å utsetje fristen, vil vi gi deg beskjed.