Viktig informasjon
Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Andre land
Du må betale skatt av pensjonar og uføreytingar som blir utbetalt frå Noreg, sjølv om du ikkje er skattemessig busett i Noreg.
Dette gjeld både for personar som er skattemessig emigrert frå Noreg og personar som aldri har vært skattemessig vusett i Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting.
Det gjeld nokre unntak frå skatteplikta:
- Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med det landet der du er busett.
- Du skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar når du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda.
Du kan ha krav på ein lågare skatt enn 15 prosent når du bur i eit EU/EØS-land.