Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Skattemelding
Personar som kjem inn under reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar, vil få tilsendt ei skattemelding (sjølvmelding) i mars året etter inntektsåret.
Meiner du at heile eller ein del av pensjonen din eller uføreytinga er skattefri i Noreg etter reglane i skatteavtalen med det landet der du er busett, må du endre det beløpet som står i skattemeldinga og oppgi det beløpet som er skattepliktig. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri i Noreg, og du leverer elektronisk, må du merke heile beløpet som fritatt. Du skal ikkje setje beløpet til 0 kroner, men merke det fritatte beløpet som «ikkje skattepliktig kjeldeskatt på pensjon». Mottar du fleire pensjonar, må dette vurderast for kvar einskild pensjon. Er berre ein del av pensjonen fritatt, må kortet for denne (tidlegare kalla «post») splittast, slik at du høvesvis kan opplyse om dei enkelte pensjonsdelane er skattepliktige eller fritatte.
Dette gjeld òg dersom du har hatt frikort eller skattekort med lågare skattetrekk enn 15 prosent.
Bustadsattest
Skatteetaten kan krevje at du sender inn ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadslandet ditt som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Skatteetaten kan også krevje at du sender inn annen dokumentasjon når det berre er visse typar pensjoner/uføreytingar som er skattefrie, eller det er andre vilkår for skattefritak.
Levering av skattemeldinga
Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april i året etter inntektsåret.
Om du ikkje leverer skattemeldinga, blir den rekna som levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Det vil då bli fastsatt 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga.
Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april, kan du ta kontakt med oss:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO
Telefon frå utlandet +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg 800 80 000
Sende melding: Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.
Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.