Dekor lav

Innsyn: Sjå kven som har fått lønnsstøtte

Føretak som har tatt tilbake tilsette frå permittering, kan søkje om støtte for å dekkje delar av lønnskostnadene. Her finn du oversikta over kva føretak som er tildelt pengar.

Oversikta viser kva føretak som har fått tildelt

  • lønnstilskot (for månadene juli, august, oktober, november og/eller desember 2020), og
  • lønnsstøtte (for periodane 15. mars til 30. april og/eller 1. mai til 30. juni 2021)

Vedtak kan bli endra både som følgje av kontrollar eller nye opplysningar frå søkar. Det er det til kvar tid gjeldande vedtaket som går fram av oversikta.

Opplysningane blir gjort tilgjengelege for å sikre openheit. Når det er gitt støtte for fem tilsette eller færre, blir ikkje opplysningane om tal på tilsette gjort offentleg.

Du kan søkje i alle opplysningstypane i tabellen. Heile eller delar av datasettet kan lastast ned i formata CSV og JSON ved å bruke funksjonen "eksporter som".

Opplysningar om tildelte tilskot blir oppdatert dagleg. Vi oppdaterer ikkje i helgar og på heilagdagar.

Saksnummer

Saksnummer, referanse frå saksbehandlingssystemet til Skatteetaten

Namn på søkar

Namn på føretaket som er tildelt støtte

Organisasjonsnummer

Føretaket sitt organisasjonsnummer frå Einingsregisteret

Fylke

Forretningsstaden til føretaket, angitt ved fylke

Tildelingsdato

Dato for vedtak om tildelt tilskot

Faktisk omsetning for perioden i 2020

Inntekter frå sal av varer som er levert og tenester som er utført i tilskotsmånaden.

For skattefrie institusjonar er det ikkje krav om omsetningsfall, og omsetninga blir derfor ikkje oppgitt.

Faktisk omsetning i tilsvarande periode i 2019

Inntekter frå sal av varer som er levert og tenester som er utført i 2019 i tilsvarande månad som tilskotsmånaden.

For skattefrie institusjonar er det ikkje krav om omsetningsfall, og omsetninga blir derfor ikkje oppgitt.

Talet på tilsette

Talet på tilsette det er gitt støtte for. Når det er gitt støtte for fem tilsette eller færre, blir ikkje opplysningane om tal på tilsette gjort offentleg. Då står det "5 eller færre" i oversikta.

Utbetalt beløp

Utbetalt beløp for tilskotsmånaden.

Viktig informasjon

Oppsummering

Sist oppdatert 27.03.2024 08:45
System.Linq.Enumerable+WhereSelectListIterator`2[Skeno.Models.ViewModels.Blocks.Heading,System.Boolean]
Måned Tildelt Antall mottakere
juli 2020 63381361 950
august 2020 107651317 1484
oktober 2020 5321168 139
november 2020 8208496 175
desember 2020 9457308 178
mars-april 2021 20350454 356
mai-juni 2021 97024263 536
juli-august 2021 74634972 210
desember 2021 363826749 1589
januar 2022 423902283 1429
februar 2022 277016695 955
System.Linq.Enumerable+WhereSelectListIterator`2[Skeno.Models.ViewModels.Blocks.Heading,System.Boolean]