Kontakt oss
Finn svar på lonnsstotte.no:
-
Vi kan ikkje seie noko om når akkurat søknaden din blir ferdig behandla. Du får beskjed frå Skatteetaten i innboksen til føretaket i Altinn. Du kan òg sjå status på søknaden.
Merk at behandling av søknader først startar ei veke etter at søknadsskjema opnar, og det tar derfor litt lengre tid i starten før du får svar.
Dersom søknaden blir godkjent, betaler vi vanlegvis ut pengane til kontonummeret du oppgav i søknaden innan nokre få dagar etter at søknaden har blitt innvilga.
-
- Dersom du har sendt inn ein søknad og oppdagar at søknaden har feil eller manglar informasjon, må du sende inn ein ny søknad.
- Dersom du meiner at vedtaket du har fått er feil, har du rett til å klage på vedtaket innan seks veker etter at du fekk vedtaksbrevet.
- Slik reknar du ut omsetninga og omsetningsfallet til føretaket.
- Slik reknar du ut støttebeløpet per tilsett.
Telefon
Viss du lurer på noko du ikkje finn svar på her på lonnsstotte.no, kan du ringje oss:
800 80 000
Tasteval 2 – 3 – 1
Frå utlandet kan du ringje +47 22 07 70 00.
Opningstider for telefon
Ordinær opningstid er 09:00–14:30 på kvardagar.
Tips om misbruk
Dersom du har mistanke om misbruk av støtteordninga, kan du tipse Skatteetaten.