Dekor lav

Omsetning og omsetningsfall

For å kunne søkje om støtte må føretaket ha hatt eit omsetningsfall på 15 prosent eller meir for perioden du skal søkje for. 

Den faktiske omsetninga til føretaket finn du ved å rekne saman inntekta frå sal av leverte varer og tenester som er utførte av føretaket i den aktuelle perioden, sjølv om dei ikkje er fakturerte for i støtteperioden du skal søkje for. 

Offentlege tilskot gitt i samband med koronasituasjonen inngår ikkje i omsetninga. 

Føretak med kredittsal som ikkje skriv ut salsdokument (faktura) i same perioden som vara er levert / tenesta er utført, må tidfeste omsetninga slik at ho kjem på riktig månad. 

Til dømes skal ein faktura som er skriven ut i april for sal av varer eller tenester leverte i mars, tidfestast til mars. Også omsetning som enno ikkje er fakturert må reknast med. 

Du skal berre føre opp inntekter som er skattepliktige i Noreg. Inntekt eller avkastning frå kapital, fast eigedom eller andre finansielle eigedelar skal ikkje takast med. Leigeinntekter frå fast eigedom skal likevel takast med. 

Meirverdiavgift og særavgifter knytte til salsinntekt blir ikkje rekna som inntekt.

For å berekne omsetningsfallet, treng du følgjande: 

  • For støtteperioden 15. mars til 30. april 2021: 
    • Omsetning for 1. mars – 30. april 2021 
    • Omsetning for 1. mars – 30. april 2019 
  • For støtteperioden 1. mai til 30. juni 2021: 
    • Omsetning for 1. mai – 30. juni 2021 
    • Omsetning for 1. mai – 30. juni 2019 

Etableringstidspunktet for føretaket påverkar korleis omsetningsfallet skal bereknast. Det er avgjerande om føretaket var etablert i same periode i 2019 som det no blir søkt om støtte for eller ikkje. 

For støtteperioden 15. mars til 30. april skal omsetninga for 1. mars – 30. april 2019 samanliknast med omsetninga for 1. mars – 30. april 2021. 

Viss føretaket ikkje var etablert i tilsvarande periode i 2019 som den perioden du no søkjer støtte for, eller ikkje hadde omsetning i desse månedane, samanliknar du omsetninga for 1. mars – 30. april 2021 med 1. januar – 28. februar 2020, det vil seie dei siste to månadane før koronautbrotet. 

Slik bereknar du omsetningsfallet

Omsetningsfall (i prosent) blir rekna ut slik (døme for marsapril): 

20210420 formel beregning omsetningsfall etablert.PNG

Døme

Føretaket hadde ei omsetning på 300 000 kroner samla for mars og april 2021. I mars og april 2019 hadde føretaket ei samla omsetning på 1 000 000 kroner. Omsetningsfallet er på 70 prosent. 

For å nytte denne formelen må føretak som søkjer støtte for mars/april 2021 ha vorte etablert seinast mars 2019.

Føretak som vart etablert mindre enn to år tidlegare enn perioden dsøkjer støtte for, skal bruke omsetning i kalendermånadene januar og februar 2020 som grunnlag for berekning av omsetningsfallet

20210420 formel beregning omsetningsfall ikke etablert.PNG

Døme

Føretaket hadde ei omsetning på 300 000 kroner samla for mars og april 2021. I januar og februar 2020 hadde føretaket ei samla omsetning på 1 000 000 kronerOmsetningsfallet er på 70 prosent. 

Fisjon 

Føretak som har vore overdragar eller overtakar i fisjon som er registrert gjennomført i Føretaksregisteret i perioden 1. september 2019 til 31. desember 2019, skal bruke omsetninga i kalendermånadene januar og februar 2020 som grunnlag for berekning av omsetningsfallet. 

Dette inneber at føretak som vart stifta ved fisjon etter 01.03.2020 ikkje kan søkje om lønnsstøtte. 

Fusjon 

Føretak som har vore del av ein fusjon i samanlikningsperioden eller seinare, kan for samanlikningsperioden ta med omsetninga frå det overdragande selskapet.