Dekor lav

Søknad om støtte for å ta permitterte tilbake i jobb

Ordninga er for arbeidsgivarar som tar tilbake eigne tilsette frå permittering.

No kan du søkje om støtte for støtteperioden 1. juli til 31. august. Endeleg søknadsfrist for denne perioden er 31. Oktober. 

Søknadsfristen for støtteperiodane 15. mars til 30. april og 1. mai til 30. juni var 30. september. Søknadsfristen er endeleg, og det er ikkje mogleg å søkje for desse periodane no.  

Dersom du har sendt inn ein søknad og oppdagar at søknaden har feil eller manglar informasjon, skal du sende inn ein ny søknad. 

Lønnsstøtte:

Føretaket kan få støtte dersom det innfrir alle desse vilkåra:

  • 15. november 2020
  • 1, 15., eller 31. desember 2020
  • januar 2021

Det kan berre søkast om støtte for tilsette som var heilt eller delvis permitterte 5. mars 2021 og på ein eller fleire av datoane i lista over.

Den tilsette treng ikkje å ha vore permittert i heile denne perioden, så lenge vedkommande var heilt eller delvis permittert på ein av dei gitte datoane i 2020/2021 og den 5. mars 2021.

Slik permitterer du riktig (NAV)

Det kan ikkje søkast om støtte for tilsette som vart permitterte etter 5. mars. Viss føretaket har tatt tilbake tilsette i arbeid før 5. mars, kan det heller ikkje søkast om støtte for desse.

Tilsette er arbeidstakarar som arbeider i føretaket og som får lønn eller anna godtgjersle for arbeidet frå arbeidsgivar. Også lærlingar blir rekna som tilsette etter denne ordninga.

Frilansarar/oppdragstakarar og sjølvstendig næringsdrivande blir ikkje rekna som tilsette, og det kan ikkje søkast om støtte for desse. Sjølvstendig næringsdrivande kan søkje for tilsette i sitt eige føretak, men blir ikkje sjølv rekna som tilsette. 

Du kan berre søkje støtte for tilsette som er registrerte som permitterte i Aa-registeret.

Du kan ikkje søkje dersom eitt eller fleire av desse punkta gjeld føretaket ditt:

  • Føretaket er under konkursbehandling.
  • Føretaket har sendt melding til retten og bedt om konkursbehandling.
  • Føretaket er registrert i Føretaksregisteret under avvikling.
  • Føretaket har personar med leiande roller som er pålagde konkurskarantene.
  • Føretaket har kreditorar som har sikra seg særskild rett i betalingar til søkaren sin konto, som medfører at støtta ikkje kan brukast til å dekkje lønnskostnader.

Eit føretak som er under konkursbehandling, jamfør konkurslova kapittel VIII, kan ikkje få tildelt eller utbetalt støtte. Eit føretak er i denne samanhengen under konkursbehandling frå det tidspunktet tingretten har avsagt orskurd om konkursopning (avgjort "opningsdag"). Heller ikkje føretak som er kravt tvangsoppløyst etter reglane i kapittel 16 i aksjelova eller allmennaksjelova har rett på støtte.

Føretak som er i forhandlingar med kreditorane sine i medhald av midlertidig lov om rekonstruksjon for å avhjelpe økonomiske problemer som følge av utbrudd av covid-19 (rekonstruksjonslova), blir ikkje rekna for å vere under konkursbehandling. Desse føretaka kan derfor søkje om støtte.

  • Føretaket må tilfredsstille alle krava om å

    • drive aktivitet som er lovleg
      • Føretak som driv innan reinhald, bemanning, bedriftshelseteneste eller asbestfjerning, skal vere godkjente og registrerte hos Arbeidstilsynet etter gjeldande reglar.
      • Køyretøyverkstader skal vere oppførte i registeret til Statens vegvesen.
      • Elektrikarverksemder skal vere registrerte i Elverksemdsregisteret.
      • Føretak skal elles ha dei løyve eller godkjenningar som drifta krev.
    • kunne dokumentere den fullstendige eigarstrukturen
    • Dersom føretaket er skattepliktig: ha betalt skattar, avgifter og forskotstrekk forfalne før 29. februar 2020. Skattefrie institusjonar må vere à jour med eventuell mva-melding og forskotstrekk.
  • Viktig informasjon

    Viss du har restansar forfalne før 29. februar 2020, må desse gjerast opp før du kan søkje. Du bør vente nokre dagar frå innbetalinga før du søkjer, slik at betalinga er registrert.

  • ha levert pliktige rapporteringar og meldingar med forfall i perioden 1. januar 2019 til 15. mars 2021

Enkeltpersonføretak og selskap må ha hatt eit omsetningsfall på 15 prosent eller meir i perioden du skal søkje støtte for, samanlikna med omsetninga før koronautbrotet. For støtteperioden 15. mars til 30. april skal omsetninga for 1. mars–30. april 2019 bli samanlikna med omsetninga for 1. mars–30. april 2021.

Viss føretaket ikkje var etablert i tilsvarande periode i 2019 som den perioden du no søkjer støtte for, eller ikkje hadde omsetning i desse månadene, må du samanlikne omsetninga for støtteperioden i 2021 med omsetninga for 1. januar–29. februar 2020, som er dei to siste månadene før koronautbrotet.

Det er ikkje krav om omsetningsfall for skattefri institusjon eller organisasjon som ikkje driv skattepliktig verksemd.

Viss føretaket er ein institusjon eller organisasjon som også driv skattepliktig verksemd, kan du velje om støtta skal bereknast på same måte som for enkeltpersonføretak og selskap eller etter metoden for skattefri institusjon eller organisasjon.

Skattefrie institusjonar og organisasjonar som driv økonomisk verksemd kan ha 70 000 kroner i omsetning i inntektsåret utan at dei blir skattepliktige.

For velgjerande eller allmennyttige institusjoner er grensa på 140 000 kroner. Det er berre institusjonar med omsetning over desse tersklane som fell inn i denne kategorien og kan velje berekningsmetode.

Søknaden blir førehandsutfylt med informasjon frå a-meldinga, så det er viktig at du sjekkar at du har rapportert alt som er pliktig, og at rapporteringa er riktig.

Feil eller manglar i rapporteringa i søknadsmånaden kan føre til avslag.

Sjekk at:

Føretaket er registrert i Aa-registeret

Arbeidsgivar må vere registrert i arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret) med alle relevante opplysningar om arbeidsforholda til dei tilsette. Det kan berre søkast støtte for tilsette som er registrerte permitterte i Aa-registeret.

Frilansarar/oppdragstakarar og sjølvstendig næringsdrivande blir ikkje rekna som tilsette, og det kan ikkje søkast om støtte for desse. Sjølvstendig næringsdrivande kan søkje for sine tilsette, men blir ikkje sjølv rekna som tilsette. 

Du har rapportert alt som er pliktig, og rapporteringa er riktig

Som arbeidsgivar er du pliktig til å rapportere alle arbeidstakarane dine til registeret via a-meldinga.

Før du søkjer, anbefaler vi at du bestiller ein avstemmingsrapport som oppsummerer opplysningane du har sendt inn i a-meldinga for månaden(e) du søkjer for. Her bør du sjekke at du har rapportert riktig stillingsprosent og permitteringsdato for dei tilsette du søkjer støtte for.

Viktig informasjon

Stillingsprosent og permitteringsgrad må vere korrekt rapportert i a-meldinga før du sender inn søknaden. 

Informasjon om permitterte tilsette og stillingsprosent finn du under fana "Arbeidsforhold" i avstemmingsrapporten.

Viss du ser at du har rapportert feil, må du rette opp feilen før du søkjer om støtte.

Dersom du endrar a-meldinga(r), bør du vente eit døgn før du søkjer, slik at opplysningane blir registrerte.

For å kunne søkje om støtte, må du ha tatt tilsette som var permitterte per 5. mars 2021 tilbake i jobb heilt eller delvis etter 5. mars.

Dei tilsette kan bli tatt delvis tilbake, og kan også permitterast på nytt utan at opptent støtte går tapt. Den tilsette kan også bli tatt tilbake i arbeid på nytt og kvalifisere for lønnsstøtte. 

Spesielt for tilsette som arbeider i permitteringsperioden 

Det er viktig at du sjekkar at du har rapportert riktig stillingsprosent og permitteringsgrad i a-meldinga før du søkjer om støtte.

Tilsette på timebasis

For føretak som har tilsette på timebasis, må føretaket rekne om timar til stillingsprosent ved rapportering i a-meldinga.

Sjukemelding og anna fråvær

Lønnskostnadene til den tilsette kan ikkje vere dekte av folketrygda eller andre offentlege støtteordningar. Dei tilsette må bli tatt tilbake i aktivt arbeid. Det kan ikkje søkast om støtte for dei dagane tilsette er heilt sjukemelde og lønnskostnadene blir dekte av folketrygda.

For tilsette som er delvis sjukemelde etter arbeidsgivarperioden, blir støtta avkorta forholdsmessig. Det blir heller ikkje gitt lønnsstøtte for dei dagane den tilsette har permisjon utan lønn.

Du kan ikkje søkje støtte for tilsette som er tatt tilbake frå permittering viss du samtidig har permittert, sagt opp eller redusert arbeidstida til andre tilsette som fyller same funksjon/arbeidsoppgåver som dei du søkjer støtte for i støtteperioden (til dømes 15. mars til 30. juni).

Det er likevel unntak til dette vilkåret, til dømes dersom føretaket har permittert, sagt opp eller redusert arbeidstida til andre tilsette i ei samanliknbar stilling på grunn av geografisk variasjon i smitteverntiltak.

Dersom ein tilsett i ei samanliknbar stilling sjølv seier opp, kan det søkast om støtte.

Samanliknbare stillingar er stillingar som fullt ut eller ikkje i ubetydeleg grad fyller dei same funksjonane. Arbeidsgivarar må sjølv vurdere om stillingane til dei tilsette er samanliknbare, og må kunne dokumentere tilsettingsforhold dersom dette blir etterspurt.

Døme

Føretaket har fire bartendarar. Ein av dei var permittert per 5. mars 2021 og 1. desember 2020 og blir tatt tilbake i arbeid. I april blir ein annan bartendar i føretaket permittert. Føretaket oppfyller ikkje kravet og kan ikkje søkje om støtte for nokon tilsette.

Døme

Føretaket har butikkar i Oslo, Bergen og Stavanger. Føretaket tar alle tilsette tilbake i jobb i alle tre byane, men må permittere tilsette i Oslo igjen i midten av april på grunn av smitteverntiltak. Føretaket kan då søkje om støtte for dei tilsette som jobbar i Bergen og Stavanger (og for dei tilsette i Oslo i den perioden dei har vore tilbake i arbeid).

Støtta fell bort om den tilsette får mindre enn 80 prosent av berekna støttebeløp som lønn for same periode som det blir søkt om støtte for.

Tilsvarande gjeld ved provisjonsbasert avlønning. Dette gjeld også skattefrie institusjonar eller organisasjonar.

Døme

Dersom føretaket får utbetalt 50 000 kroner i støtte for ein tilsett i støtteperioden 1. mai–30. juni, må den tilsette ha fått utbetalt minst 80 prosent av dette i lønn same periode, altså 40 000 kroner.

Viktig informasjon

Spesielt for konsern

Vilkåra for å få støtte er dei same for konsern, men i tillegg er det nokre eigne reglar for konsern: 

Føretak som inngår i konsern kan søkje kvar for seg, eller det kan søkjast samla for heile konsernet. Det kan også søkjast kvar for seg for ein periode, og for heile konsernet for ein annan periode.

Dersom føretak søkjer kvar for seg for ein periode og ønskjer å endre dette til konsolidert konsernsøknad, må kvar enkelt søknad trekkjast og støttebeløpet tilbakebetalast før det blir sendt inn ein konsolidert konsernsøknad.

Føretak som er del av konsern kunne berre søkje kvar for seg dersom dei ønskte å søkje for støtteperioden 15. mars–30. april i første søknadsperiode, som var 3. til 31. mai. No er det mogleg å søkje samla for heile konsernet som om det var eitt føretak, for støtteperiodane 15. mars til 30. april og 1. mai til 30. juni.

Føretak som inngår i konsern skal opplyse om at føretaket inngår i eit konsern, og kva føretak i konsernet som er ansvarleg for å opplyse om eigarstrukturen i konsernet og andre innsende opplysningar. Det må utpeikast ein kontaktperson i dette føretaket.

Dersom føretak søkjer kvar for seg, er det viktig at alle søknader frå eit konsern oppgir same ansvarlege føretak.

Konsolidert konsernsøknad

Dersom det blir søkt samla for konsernet, må konsernet sende inn ein konsolidert konsernsøknad. Då blir konsernet behandla som om det var eitt føretak. Dette gjeld berre den norske delen av konsernet.

Konsern som søkjer støtte etter denne metoden, må inkludere alle einingar i konsernet som er skattepliktige til Noreg, det vil seie "den norske delen av konsernet".

Berekning av omsetningsfall må gjerast samla for den norske delen av konsernet. Berekningane skal reknast konsolidert som om berre desse einingane inngjekk i konsernet, etter vanlege prinsipp for konsolidering av rekneskap. Inntekter og kostnader som gjeld konserneiningar utanfor den norske delen av konsernet skal ikkje eliminerast, men reknast med på lik linje med inntekter og kostnader overfor eksterne.

Krava for å søkje om støtte må vere oppfylte for alle føretaka i den norske delen av konsernet. Dersom konsernet har føretak som ikkje oppfyller alle krav for å søkje om støtte, må føretaka søkje kvar for seg.

Føretaket som søkjer på vegner av konsernet er ansvarleg for opplysningane som blir gitt i søknaden. Føretaket som søkjer må også hente inn samtykke frå alle føretaka som inngår i den norske delen av konsernet. Personar som har rett til å søkje om støtte på vegner av føretaket kan gi samtykke. Støtte som blir tildelt samla for den norske delen av konsernet, blir tildelt og utbetalt til det selskapet som leverer søknaden.

Du kan få støtte for inntil 108 dagar per tilsett som blir tatt tilbake frå permittering, og kvart føretak kan få inntil 21,9 millionar i lønnsstøtte for perioden 15. mars til 31. august. 

  • 15. mars–30. april (47 dagar)  
  • Føretak: 39 167 kroner per tilsett  
  • Skattefrie institusjonar, organisasjonar og føretak med lærlingar: 23 500 kroner per tilsett  
  • Maksimalt støttebeløp per føretak: 9,4 millionar kroner  
  • 1. mai–30. juni (60 dagar)  
  • Føretak: 50 000 kroner per tilsett  
  • Skattefrie institusjonar, organisasjonar og føretak med lærlingar: 30 000 kroner per tilsett  
  • Maksimalt støttebeløp per føretak: 12,5 millionar kroner  
  • 1. juli–31. august (60 dagar) 
  • Føretak: 50 000 kroner per tilsett 
  • Skattefrie institusjonar, organisasjonar og føretak med lærlingar: 30 000 kroner per tilsett 
  • Maksimalt støttebeløp per føretak: 12,5 millionar kroner  

Lønnsstøtta blir automatisk avkorta når føretaket har fått maksimalt antal støttedagar per tilsett. Avkortinga skjer i den sist innsende søknaden.  

Døme
Føretaket søkjer om lønnsstøtte for støtteperioden 1. mai til 30. juni og 1. juli til 31. august for dei tilsette i føretaket som kvalifiserer for lønnstøtte for alle dei 120 dagane. På grunn av avgrensinga på 108 dagar får føretaket lønnsstøtte for 60 dagar i støtteperioden 1. mai til 30 juni og 48 dagar i støtteperioden 1. juli til 31. august. 

Støttebeløpet er ulikt og avheng av:

Arbeidsgivarar med omsetningsfall på 70 prosent eller meir i støtteperioden blir gitt maksimal støtte med 25 000 kroner per månad per fulltidstilsett som blir tatt tilbake frå permittering, tilsvarande 833,33 kroner per dag. 

For støtteperioden 15. mars–30. april (47 dagar) utgjer dette eit maksbeløp på 39 167 kroner. 

Viss omsetningsfallet er mindre enn 70 prosent, avtek støttebeløpet gradvis til minstestøtta på 10 000 kroner for eit omsetningsfall på 15 prosent. 

Omsetningsfall under 15 prosent gir ikkje rett til støtte. Omsetningsfall på over 70 prosent gir maksimalt støttebeløp på 833,33 kroner per tilsett per dag. 

For omsetningsfall mellom 15 og 70 prosent blir støtta rekna ut etter denne formelen:

7 formel omsetningsfall_NYNORSK20210422.PNG

Konstanten 27 272 representerer det maksimale støttebeløpet minus minimumsbeløpet delt på intervallet i omsetningsfall som kvalifiserer for støtte (15–70 prosent).

Roar jobbar vanlegvis i ei 100 prosent stilling, og har vore permittert frå jobben sin sidan 1. desember 2020. Føretaket han er tilsett i har meir enn 70 prosent omsetningsfall, og tar den 15. mars 2020 Roar heilt tilbake frå permitteringa. 

Roar har då vore i jobb i 47 dagar i perioden 15. mars–30. april. Føretaket får 39 167 kroner i lønnsstøtte for Roar for denne støtteperioden basert på utrekninga:  

20210412 Så mye kan du få 2 - omsetningsfall.png
Dersom føretaket Roar jobbar i har 60 prosent omsetningsfall, får føretaket 34 893 kroner i lønnsstøtte for å ta tilbake Roar frå permitteringa basert på utrekninga:
20210412 Så mye kan du få 3 - omsetningsfall.png

 

Støtta blir berekna i forhold til stillingsprosenten til den tilsette og mot kor mange prosent den tilsette er permittert. 

Spesielt for tilsette som arbeider i permitteringsperioden.

Døme

Roar jobbar i ei 50 prosent stilling og blir tatt fullt tilbake frå permittering. Føretaket har eit omsetningsfall på over 70 prosent. 

Berekninga per fulltidstilsett blir då:
20210415 Så mye kan du få 4 - omsetningsfall.png

Lønnsstøtta skal deretter bereknast mot 50 prosent, tilsvarande stillingsprosenten. Føretaket får 39 167 kroner – 50 % = 19 583 kroner for støtteperioden 15. mars–30. april. 

Døme

Roar jobbar i ei 50 prosent stilling og blir tatt 80 prosent tilbake frå permittering. Føretaket har eit omsetningsfall på over 70 prosent.

Berekninga per fulltidstilsett blir då:

20210415 Så mye kan du få 5 - omsetningsfall.png

Lønnsstøtta blir berekna først mot 50 prosent for å ta høgde for deltidsstillinga til Roar: 39 167 kroner – 50 % = 19 583 kroner. 

Deretter blir støtta berekna mot kor mykje den tilsette er tatt tilbake frå permittering, det vil seie 80 prosent. Føretaket får 19 583 kroner x 80 % = 15 666 kroner i lønnsstøtte for støtteperioden 15. mars–30. april. 

Støtta blir berekna med eitt beløp per dag den tilsette har vore i arbeid hos arbeidsgivar i støtteperioden. 

Som dager i arbeid regnes alle dager den ansatte ikke har vært permittert på nytt, vært helt eller delvis sykemeldt etter arbeidsgiverperioden, eller hatt permisjon uten lønn. Det vil seie at helger og heilagdagar blir inkluderte i berekninga. Dersom den tilsette har avvikla ferie i støtteperioden, må den tilsette arbeide eit tilsvarande antal dagar som feriedagane i perioden 1. september til 31. oktober 2021. 

Ved delvis sjukemelding blir støtta avkorta forholdsmessig etter arbeidsgivarperioden.

Døme 

Roar jobbar i ei 100 prosent stilling og blir tatt fullt tilbake frå permittering den 1. april. På grunn av nye smitteverntiltak i kommunen han jobbar i, blir Roar permittert på nytt frå og med 16. april og på ubestemt tid. 
Føretaket Roar jobbar hos kan få lønnsstøtte for kvar dag Roar har vore i arbeid i støtteperioden 15. mars–30. april. 
I dette tilfellet får føretaket lønnsstøtte for 15 dagar. Det vil seie 833,33 kroner per dag = 12 499,95 kroner i lønnsstøtte for støtteperioden totalt. 

Dersom føretaket er ein skattefri institusjon eller organisasjon som ikkje driv skattepliktig verksemd, skal du ikkje oppgi omsetninga til føretaket. I desse tilfella blir det gitt støtte på 15 000 kroner per fulltidstilsett per månad. 

Viss føretaket er ein institusjon eller organisasjon som også driv skattepliktig verksemd, kan du velje om støtta skal bereknast på same måte som for enkeltpersonføretak og selskap, eller etter metoden for skattefri institusjon eller organisasjon. 

Skattefrie institusjonar og organisasjonar som driv økonomisk verksemd kan ha 70 000 kroner i omsetning i inntektsåret utan at dei blir skattepliktige. 

For velgjerande eller allmennyttige institusjonar er grensa på 140 000 kroner. Det er berre institusjonar med omsetning over desse tersklane som fell inn i denne kategorien og dermed får valfridom. 

Døme på beregning av støttebeløp 

Døme  
Roar jobbar i ein frivillig organisasjon som ikkje driv med skattepliktig verksemd. Han har vore permittert sidan midten av november 2020 og blir den 15. mars tatt heilt tilbake frå permittering. Organisasjonen kan då få 15 000 kroner per månad for å ta Roar tilbake frå permittering, tilsvarande 500 kroner per dag. For støtteperioden 15. mars–30. april blir dette 23 500 kroner. 
Støtta blir berekna i forhold til stillingsprosenten til den tilsette, og mot kor mange prosent den tilsette er permittert. 
Døme  
Roar jobbar i ei 60 prosent stilling hos den frivillige organisasjonen. Han blir permittert 100 prosent, og den 15. mars blir permitteringa redusert til 50 prosent. Støtta skal då bereknast mot ei 60 prosent stilling. Det vil seie 23 500 kroner x 60 prosent stilling = 14 100 kroner. 
Dette skal deretter bereknast mot 50 prosent redusert permitteringsgrad. Det vil seie 14 100 kroner x 50 % permitteringsgrad = 7 050 kroner i lønnsstøtte for støtteperioden 15. mars–30. april, tilsvarande 150 kroner per dag. 
Roar blir permittert på nytt etter 10 dagar tilbake i arbeid. Føretaket får då lønnsstøtte for dei 10 dagane han har vore tilbake i arbeid i støtteperioden mars–april. 
Føretaket får i dette tilfellet 150 kroner per dag x 10 dagar = 1 500 kroner i lønnsstøtte for Roar i denne støtteperioden. 

Støtta til den enkelte tilsette kan ikkje overstige 125 prosent av lønna før permittering. 

Døme  

Roar jobbar tilsvarande ei fulltidsstilling i ein frivillig organisasjon og har 10 000 kroner utbetalt i lønn per månad. For støtteperioden 15. mars–30. april (47 dagar) blir dette 15 667 kroner i lønn. 
Organisasjonen tar han heilt tilbake frå permitteringa den 15. mars 2021, og Roar jobbar kvar dag gjennom heile støtteperioden mars–april. 
Sidan lønnsstøtta på 23 500 kroner overstig 125 prosent av lønna til Roar, er støtta avgrensa til 125 prosent av lønna til Roar før permittering, som då var 15 667 kroner berekna på 47 dagar. 
Føretaket får då 15 667 kroner x 125 % = 19 584 kroner for støtteperioden, eller 416,67 kroner per dag. 

Om du vurderer å søkje i neste støtteperiode, så må du hugse å:

For å kunne søkje om støtte, må du ha tatt tilsette som var permitterte per 5. mars 2021 tilbake i jobb heilt eller delvis etter 5. mars.

Dei tilsette kan bli tatt delvis tilbake, og kan også permitterast på nytt utan at opptent støtte går tapt. Den tilsette kan også bli tatt tilbake i arbeid på nytt og kvalifisere for lønnsstøtte. 

Spesielt for tilsette som arbeider i permitteringsperioden 

Det er viktig at du sjekkar at du har rapportert riktig stillingsprosent og permitteringsgrad i a-meldinga før du søkjer om støtte.

Tilsette på timebasis

For føretak som har tilsette på timebasis, må føretaket rekne om timar til stillingsprosent ved rapportering i a-meldinga.

Sjukemelding og anna fråvær

Lønnskostnadene til den tilsette kan ikkje vere dekte av folketrygda eller andre offentlege støtteordningar. Dei tilsette må bli tatt tilbake i aktivt arbeid. Det kan ikkje søkast om støtte for dei dagane tilsette er heilt sjukemelde og lønnskostnadene blir dekte av folketrygda.

For tilsette som er delvis sjukemelde etter arbeidsgivarperioden, blir støtta avkorta forholdsmessig. Det blir heller ikkje gitt lønnsstøtte for dei dagane den tilsette har permisjon utan lønn.

Søknaden blir førehandsutfylt med informasjon frå a-meldinga, så det er viktig at du sjekkar at du har rapportert alt som er pliktig, og at rapporteringa er riktig.

Feil eller manglar i rapporteringa i søknadsmånaden kan føre til avslag.

Sjekk at:

Føretaket er registrert i Aa-registeret

Arbeidsgivar må vere registrert i arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret) med alle relevante opplysningar om arbeidsforholda til dei tilsette. Det kan berre søkast støtte for tilsette som er registrerte permitterte i Aa-registeret.

Frilansarar/oppdragstakarar og sjølvstendig næringsdrivande blir ikkje rekna som tilsette, og det kan ikkje søkast om støtte for desse. Sjølvstendig næringsdrivande kan søkje for sine tilsette, men blir ikkje sjølv rekna som tilsette. 

Du har rapportert alt som er pliktig, og rapporteringa er riktig

Som arbeidsgivar er du pliktig til å rapportere alle arbeidstakarane dine til registeret via a-meldinga.

Før du søkjer, anbefaler vi at du bestiller ein avstemmingsrapport som oppsummerer opplysningane du har sendt inn i a-meldinga for månaden(e) du søkjer for. Her bør du sjekke at du har rapportert riktig stillingsprosent og permitteringsdato for dei tilsette du søkjer støtte for.

Viktig informasjon

Stillingsprosent og permitteringsgrad må vere korrekt rapportert i a-meldinga før du sender inn søknaden. 

Informasjon om permitterte tilsette og stillingsprosent finn du under fana "Arbeidsforhold" i avstemmingsrapporten.

Viss du ser at du har rapportert feil, må du rette opp feilen før du søkjer om støtte.

Dersom du endrar a-meldinga(r), bør du vente eit døgn før du søkjer, slik at opplysningane blir registrerte.

Viss du har nye eller endra opplysningar, skal du sende inn ein ny søknad 

Viss du meiner at vedtaket du har fått er feil, har du rett til å klage på vedtaket innan seks veker etter at du fekk vedtaksbrevet. 

Oversikta over kva føretak som er tildelt pengar blir oppdatert dagleg.