Føretak som inngår i konsern kan søkje kvar for seg, eller det kan søkjast samla for heile konsernet. Det kan også søkjast kvar for seg for ein periode, og for heile konsernet for ein annan periode.
Dersom føretak søkjer kvar for seg for ein periode og ønskjer å endre dette til konsolidert konsernsøknad, må kvar enkelt søknad trekkjast og støttebeløpet tilbakebetalast før det blir sendt inn ein konsolidert konsernsøknad.
Føretak som er del av konsern kunne berre søkje kvar for seg dersom dei ønskte å søkje for støtteperioden 15. mars–30. april i første søknadsperiode, som var 3. til 31. mai. No er det mogleg å søkje samla for heile konsernet som om det var eitt føretak, for støtteperiodane 15. mars til 30. april og 1. mai til 30. juni.
Føretak som inngår i konsern skal opplyse om at føretaket inngår i eit konsern, og kva føretak i konsernet som er ansvarleg for å opplyse om eigarstrukturen i konsernet og andre innsende opplysningar. Det må utpeikast ein kontaktperson i dette føretaket.
Dersom føretak søkjer kvar for seg, er det viktig at alle søknader frå eit konsern oppgir same ansvarlege føretak.
Konsolidert konsernsøknad
Dersom det blir søkt samla for konsernet, må konsernet sende inn ein konsolidert konsernsøknad. Då blir konsernet behandla som om det var eitt føretak. Dette gjeld berre den norske delen av konsernet.
Konsern som søkjer støtte etter denne metoden, må inkludere alle einingar i konsernet som er skattepliktige til Noreg, det vil seie "den norske delen av konsernet".