Dekor lav

Sikkerheit og personvern

Det er berre mogleg å søkje om tilskot frå regjeringa si lønnsstøtteordning for å ta eigne permitterte tilbake i jobb via nettsida lonnsstotte.no. Nettsida lonnsstotte.no bruker same løysing som Skatteetaten sine nettsider skatteetaten.no. 

Når du skal søke, må du først identifisere deg i ID-porten før du kjem til søknadsskjemaet. Du får eit varsel frå Altinn når søknaden din er ferdig behandla. 

Vi spør ikkje om kodar, bank- eller kredittkortopplysningar via SMS, e-post eller sosiale medium, og vi sender ikkje lenker uoppfordra i desse kanalane. Vi sender heller ikkje vedlegg eller spør etter kopi av ID-dokument på SMS eller e-post. 

Det er berre spesifikke (spesifiserte) personar som kan søkje om tilskot på vegner av eit føretak. Ikkje la andre tilsynelatande velmeinande tenester eller personar utføre innlogging og utfylling av sjølve søknaden for deg. 

Bruk alltid din eigne elektroniske ID for å identifisere deg i ID-porten og ikkje del han med andre. Hugs å sjekke at nettlesaradressa di er rett kvar gong du tastar kodar eller påloggingsinformasjon. 

Dersom du mistenkjer forsøk på svindel 

Om du har mottatt forsøk på svindel via SMS, e-post eller sosiale medium: 

  1. Ikkje gi frå deg informasjonen du blir spurt om og ikkje svar på førespurnaden. Trykk heller ikkje på lenker eller vedlegg dersom du mistenkjer svindel. 
  1. Vidaresend mistenkelege SMS-ar eller e-postar relaterte til kompensasjonsordninga til [email protected]. Det hjelper oss med å oppdage nye variantar av svindel raskare. 

Les meir om phishing og svindel på Skatteetaten sine sider. 

Personvern 

Skatteetaten bruker analyseverktøyet Google Analytics for å samle og vurdere informasjon om korleis besøkande bruker kompensasjonsordninga. Google Analytics bruker informasjonskapslar. 

Som behandlingsansvarleg for kompensasjonsordninga er det Skatteetaten som avgjer kva opplysningar Google kan innhente om bruken av lonnsstotte.no. Google Analytics får berre generell webstatistikk, som til dømes nettlesartype, tidspunkt, språk og kva nettside brukaren kom frå. 

I tråd med vanleg praksis på Internett, blir brukaren si IP-adresse registrert av nettstaden (lonnsstotte.no). Skatteetaten har imidlertid valt å leggje inn eit script som fjernar dei siste siffera frå IP-adressa di før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan anslå brukaren si geografiske plassering, men adressa kan ikkje bli nytta for å identifisere den enkelte. 

Mottatte opplysningar er underlagde Google sine retningslinjer for personvern.