Datakjelder og kva du kan få tilgang til

Her får du oversikt over datakjeldene Skatteetaten kan utlevere til forskingsføremål.

Forskingsdata blir normalt henta frå dataplattforma til Skatteetaten. Dataa er knytt saman ved hjelp av fødselsnummer og organisasjonsnummer. Du må sjølv kunne behandle og klargjere dataa. 

For dei fleste kjeldene har vi data for dei ti siste likningsåra.

Vi jobbar med ei ny løysing for analyse. Det vil ta litt tid før alle datakjelder er tilgjengelege på plattforma. 

Opplysningar du kan søkje om tilgang til 

Du kan søkje om tilgang til forvaltningsdata knytt til

  • skatt
    • skattemeldinga
    • skatteoppgjer
    • skattemanntalet
  • aksjonærregisteret
  • meirverdiavgift (mva)
  • Folkeregisteret
  • Innhald

    Opplysningar frå innkrevjingssystema til Skatteetaten for skatt og meirverdiavgift (MVA). Per krav finst det opplysningar om kva kravet gjeld og opphavleg beløp og attståande, avskrivne og ettergitte beløp. Vidare opplysningar om del av kravet som er betalt til rett tid og innan 1 månad, 1–3 månader, 3–6 månader, 6–12 månader og over 12 månader etter forfall.

    Tabellstruktur

    Dataa er tidfesta etter posteringsdato og forfallsdato.

    Vi vidareutviklar systema våre

    Vi er i ferd med å samle innkrevjingsrekneskapane våre til eit ny, felles saksbehandlings- og rekneskapssystem. Det vil seie at vi i nær framtid kan tilby innkrevjingsdata om saksbehandling og reskontro frå skatt, mva., særavgifter og anna oppdragsinnkrevjing, frå ei og same kjelde.

    Venta innhald med nytt system

    Saksinformasjon: Informasjon om ulike saker og tiltak brukt i innkrevjing, med felles modell frå det nye saksbehandlingssystemet.

    Reskontroinformasjon: Informasjon om krav, innbetalingar og utbetalingar, med attståande beløp på rapportdato. Det vil vere ein felles informasjonsmodell på tvers av den gamle rekneskapsinndelinga.

    Vi kan tilgjengeleggjere historiske data opp mot ti år. 

    Tabellstruktur

    Data vil tilbydast både nøsta og utflata.

Om du treng meir informasjon om kva kjeldene inneheld av data, kan du kontakte oss på [email protected].