SMS-undersøking om rettleiinga vår på telefon

Her finn du informasjon om undersøkinga vi har sendt ut på SMS. Du finn informasjon om korleis du deltar, personvern og kvifor vi gjennomfører undersøkinga.

Føremålet med undersøkinga

Vi i Skatteetaten ønskjer å vite korleis brukarane opplever rettleiinga vår på telefon. Denne kunnskapen er viktig for å gjere tiltak som kan vere med på å betre opplevinga for dei som ringjer inn til rettleiingstenesta i Skatteetaten. Derfor får eit tilfeldig utval av innringjarane ein SMS med høve til å svare på nokre få spørsmål om brukaropplevinga si.

Skatteetaten er ansvarleg for undersøkinga

Skatteetaten er ansvarleg for personopplysningane som blir behandla i undersøkinga.

Det er frivillig å delta

Det er frivillig å svare på undersøkinga, og det får ingen negative konsekvensar om ein ikkje deltar (/ lèt vere å svare på SMS-en).

Skatteetaten behandlar personopplysningane

Vi gjennomfører SMS-undersøkinga via databehandlaren vår, Puzzel, og systemet deira, Puzzel Customer Insight. Resultatet av undersøkinga gjer vi om til aggregert statistikk (anonymisert), som vi lagrar og analyserer på dei interne og lukka serverane til Skatteetaten.  

Når vi har anonymisert svara, slettar vi alle dei andre personopplysningane som er samla inn i Puzzel Customer Insight, som til dømes telefonnummer. Dette kan ta opptil 30 dagar.

Kva for personopplysningar vi behandlar

Vi behandlar opplysningane om telefonnummera og svara til deltakarane i undersøkinga. Nokre av deltakarane får høve til å svare i eit ope tekstfelt. Om dette gjeld deg, oppfordrar vi deg til berre å svare på spørsmålet og ikkje dele personopplysningar. Vi har derfor sett grenser for kor mange teikn du kan skrive i tekstfeltet, og for kva du kan skrive i tekstfeltet. Du kan til dømes ikkje skrive inn fødselsnummer. I tillegg vil vi, manuelt, vaske svara for eventuelle personopplysningar i etterkant. 

Resultatet av undersøkinga vil ikkje identifisere enkeltpersonar.

Kva for rettar du har om du deltar

Så lenge du kan identifiserast i datamaterialet, har du rett til å be om innsyn i dei dataa Skatteetaten behandlar om deg. Du har rett til å be om at dataa blir retta eller sletta, og du har rett til å protestere mot behandlinga vår.

Om du ikkje er nøgd med korleis Skatteetaten behandlar personopplysningane dine, eller du meiner at behandlinga vår strir mot personvernreglane, kan du klage på behandlinga vår til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis du klagar til Datatilsynet på Datatilsynet sine nettsider. 

Du kan kontakte personvernombodet i Skatteetaten for å få hjelp. 

Kontaktinformasjon

Om du har spørsmål til undersøkinga, eller du ønskjer å bruke rettane dine, kan du kontakte Nikolai Vike på e-postadressa [email protected], eller personvernombodet vårt på e-postadressa [email protected]

Aktuelt regelverk

  • om plikta vi har til å rettleie, sjå skatteforvaltningslova § 5-1
  • personvernforordninga (GDPR) artikkel 6 nr. 1 bokstav e