Brukarundersøking om rettleiing på telefon
Her finn du informasjon om undersøkinga vi har sendt ut på SMS. Du kan lese meir om kvifor vi gjennomfører undersøkinga, korleis vi behandlar personopplysningane dine og kva rettar du har.
Føremålet med undersøkinga
Vi i Skatteetaten ønskjer å vite korleis brukarane opplever rettleiinga vår på telefon. Denne kunnskapen er viktig for å gjere tiltak som kan betre opplevinga for dei som ringjer oss. Derfor får eit utval brukarar ein SMS med ei lenkje til eit digitalt skjema. Her får dei høve til å svare på nokre få spørsmål om korleis dei opplevde samtalen.
Skatteetaten er ansvarleg for undersøkinga
Skatteetaten er ansvarleg for undersøkinga og personopplysningane som blir behandla der.
Det er frivillig å delta
Det er frivillig å svare på undersøkinga. Det får ingen negative konsekvensar om du ikkje deltar eller vel å ikkje svare på undersøkinga.
Slik behandlar vi personopplysningane dine
Vi gjennomfører undersøkinga gjennom Genesys Cloud, som er systemet til databehandlaren vår Genesys. Resultatet frå undersøkinga blir gjort om til aggregert statistikk, og kvart enkelt svar blir anonymisert. Opplysningane blir lagra og analyserte på dei interne og lukka serverane til Skatteetaten.
Vi lagrar telefonnummeret ditt og svaret du gir. Når vi har anonymisert svaret, slettar vi telefonnummeret og andre personopplysningar som er samla inn i Genesys Cloud. Dette kan ta opptil 90 dagar.
Nokre av deltakarane får høve til å gi eit utfyllande svar i eit ope tekstfelt. Om dette gjeld deg, skal du berre svare på spørsmålet og ikkje dele personopplysningar. Du kan skrive eit avgrensa antal teikn i tekstfeltet.
Svara vil bli gjennomgåtte av nokre få tilsette eller bli behandla maskinelt for å sikre at eventuelle andre personopplysningar blir fjerna. Etter dette kan ingen enkeltpersonar identifiserast.
Rettane dine og høvet til å klage
Så lenge du kan identifiserast i datamaterialet, har du rett til å be om innsyn i data vi har lagra om deg. Du har rett til å be om at dataa blir retta eller sletta. Du kan også protestere mot måten vi behandlar dataa på.
Om du ikkje er nøgd med korleis Skatteetaten behandlar personopplysningane dine, eller du meiner at behandlinga vår er i strid med personvernreglane, kan du klage på behandlinga vår til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettsidene til Datatilsynet.
Kontakt oss om du har spørsmål
Om du har spørsmål til undersøkinga, eller du ønskjer å bruke rettane dine, kan du kontakte personvernombodet i Skatteetaten på vårt på e-postadressa [email protected].
Aktuelt regelverk
- om plikta vi har til å rettleie, sjå skatteforvaltningslova § 5-1
- personvernforordninga (GDPR) artikkel 6 nr. 1 bokstav e