Søkje fritak for omregistreringsavgifta
Du kan søkje om fritak for eller refusjon av omregistreringsavgifta om du hevar kjøpet av eit køyretøy.
Om du hevar kjøpet eller omlevrar eit køyretøy som ikkje tidlegare har vore registrert i Noreg, kan du søkje om fritak for omregistreringsavgifta når køyretøyet blir registrert tilbake på seljaren. For å få fritak må tidlegare rapportert meirverdiavgift vere godskrive etter reglane i meirverdiavgiftslova.
Eit køyretøy som er registrert tilbake på seljar fordi kjøpet er heva, er også fritatt frå omregistreringsavgift ved omregistrering på ein ny eigar. For å få fritak må den nye eigaren betale meirverdiavgift på kjøpet etter reglane i meirverdiavgiftslova.
Søknaden må innehalde:
- dokumentasjon på at kjøpet er heva eller omlevert etter kjøpslova eller forbrukarkjøpslova, med anten:
- signert erklæring mellom kjøpar og sel
- utskrift frå rettsprotokoll
- annan dokumentasjon som viser desse opplysningane
Om du søkjer om fritak når du sel køyretøyet til ein ny eigar, må du dokumentere at kjøparen har betalt meirverdiavgift. Dette gjeld ikkje for køyretøy som er fritatt frå meirverdiavgift.
Om du hevar kjøpet av eit brukt køyretøy som har vore registrert i Noreg tidlegare, kan du få refundert omregistreringsavgifta du har betalt.
Søknaden må innehalde:
- dokumentasjon på at kjøpet er heva eller omlevert etter kjøpslova eller forbrukarkjøpslova, med anten:
- signert erklæring mellom kjøpar og seljar
- utskrift frå rettsprotokoll
- annan dokumentasjon som viser desse opplysnignen
- stadfesting eller kreditnota på at kjøpesummen er betalt tilbake til deg som kjøper
- stadfesting eller kvittering på at du har betalt omregistreringsavgifta
- stadfesting på at seljaren ikkje har refundert eller godskrive omregistreringsavgifta i samband med oppgjeret av det heva kjøpet
Korrekt rettigheit i Altinn for verksemder
For å representere en virksomhet, må du ha rollen «omregistrering betaling» for å kunne benytte nytt skjema. Er du daglig leder eller person med begrenset signeringsrett, har du allerede denne aktuelle rettigheten og du kan tildele denne til andre ressurser i din virksomhet. Les mer på Altinn - Hvordan gi en enkelttjeneste og rolle til andre.
Spørsmål eller problemer tilknyttet Altinn, inkludert rettigheter og roller, skal rettes til Altinn - Hjelp.