Utbetaling av bidrag frå utlandet
Når den bidragspliktige bur i utlandet, krev vi inn bidraget på same måte som i Noreg.
Dersom vi ikkje mottar innbetalingar frå den bidragspliktige som bur i utlandet, undersøkjer vi moglegheita for tvangsinnkrevjing i Noreg.
Tvangsinnkrevjing i utlandet
Dersom det ikkje er grunnlag for tvangsinnkrevjing i Noreg, undersøkjer vi moglegheita for å be utanlandske styresmakter om assistanse i innkrevjinga. Vi kan berre gjere dette dersom både Noreg og den utanlandske styresmakta er omfatta av den same konvensjonen eller avtalen.
I dei tilfella der vi manglar ein internasjonal avtale eller der innkrevjinga gjennom ein avtale ikkje fungerer, er vi avhengige av at den som betaler bidraget, gjer dette frivillig.
Konvensjonar som omfattar innkrevjing i utlandet
Dei viktigaste konvensjonane Noreg er omfatta av er
- den nordiske konvensjonen av 23.03.62
- Haag-konvensjonen av 23.11.07
- andre avtalar og konvensjonar som inkluderer Sveits, Australia og nokre kanadiske provinsar
Ressurskrevjande prosess
Prosessen med å tvangsinnkrevje i utlandet er ressurskrevjande. Det er aldri ein garanti for at me får kravd inn pengane. Innkrevjinga er derfor uføreseieleg og tar ofte svært lang tid.
Moglegheitene våre til å påverke innkrevjinga etter at me har kontakta ei utanlandsk styresmakt, er avgrensa. Derfor er vi restriktive med å purre på utanlandske styresmakter som har stadfesta at dei har mottatt innkrevjingskravet vårt.