Sjå dei personlege krava og betalingane dine

Oversikt over dei personlege krava dine, tilgodebeløp og inn- og utbetalingar hos Skatteetaten.

Sjå krav og betalingar

Du kan logge deg inn for å sjå skattekrav, erstatningskrav og krav vi krev inn på vegner at andre offentlege instansar.

Viktig informasjon

Ver merksam på at det kan ta nokre dagar før oversikta over inn- og utbetalingar blir oppdatert.

Om du treng ei oversikt over bidragskrava dine eller andre krav frå Nav, Helfo og Garantikassa for fiskarar, må du ta kontakt med oss.

Bestille konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

Du kan bestille ei utskrift som viser alle inn- og utbetalingar for ein vald periode. Du får oversikt over innbetalingar som er gjorde og kva krav som har vorte dekte.