Hjelp til å krevje inn erstatning
Vi tilbyr å krevje inn pengane for deg om nokon er dømde til å betale erstatning til deg på grunn av ei straffbar handling. Vi kan ikkje betale ut på forskott.
Slik kan vi hjelpe deg
Vi kan krevje inn pengane frå ein som er dømd til å betale erstatning til deg på grunn av ei straffbar handling i ei straffesak, eller ved straffbare krenkingar i ei sivil sak.
- Innkrevjinga er gratis.
- Vi kan ikkje betale ut pengar på forskott.
- Vi krev inn renter berre når det står i førelegget eller dommen at vi skal gjere det.
- Når ein erstatningspliktig som ikkje betaler bur i utlandet, kan vi krevje inn via samarbeidspartnarar i andre land.
Dette må du gjere
Når saka er klar frå domstolen, får du eit brev der vi ber om løyve til å hjelpe deg med innkrevjinga.
Politiet sender over straffesaka til oss, men det kan ta tid frå saka er avgjord til du får brevet. Ankefristen må gå ut og saka må behandlast ferdig hos politiet først.
Om nokon er dømde til å betale erstatning eller sakskostnader til deg i ei sivil sak, må du sjølv sende ein søknad til oss der du ber oss om å krevje inn erstatninga.
Vi kan hjelpe deg med innkrevjinga når saka gjeld straffbare krenkingar som til dømes fysisk eller psykisk vald.
Viss saka gjeld svindel, tjuveri og skade på ting og gjenstandar, må du kontakte den lokale namsmannen eller eit privat inkassofirma for å få hjelp.
Slik søkjar du om hjelp til innkrevjinga
Du må be oss om å krevje inn kravet for deg ved å fylle ut og sende inn skjema for å krevje inn erstatning.
- Fyll ut skjemaet. Dersom det er fleire som skal betale til deg, må du fylle ut eitt skjema per person.
- Legg ved dokumentasjon:
- Kopi av heile dommen.
- Stadfesting frå tingretten på at dommen er rettskraftig (avgjord i retten)
- Om du har prøvd å krevje inn kravet sjølv, legg ved dokumentasjon på dette. Det kan gjere at kravet får lengre levetid.
- Send inn skjemaet og dokumentasjonen
Signaturen din gir oss løyve til å krevje inn den sivile erstatninga på vegner av deg.
Om du ikkje har høve til å sende inn skjemaet digitalt, kan du sende det i posten.
Skal du sende oss brev i posten, må du bruke denne adressa:
Valdserstatning
Om du har vore utsett for valds- eller seksuallovbrott, kan du ha krav på valdserstatning frå staten. Du må fremje kravet ditt innan seks månader etter at saka er avgjord. Etter denne fristen vil du miste retten til erstatninga. Du finn meir informasjon hos Kontoret for valdsoffererstatning.
Oppgi kontonummeret ditt
Du må sende inn kontonummeret ditt saman med løyvet eller søknaden, slik at du får pengane inn på rett konto. Personar under 18 år må ha eigne kontonummer.
Om du ønskjer å endre kontonummeret du har oppgitt, må du logge inn eller gi oss beskjed per post.
Skal du sende oss brev i posten, må du bruke denne adressa:
Innkrevjing av erstatning i utlandet
Vi kan også hjelpe deg med å krevje inn erstatning frå ein som bur i utlandet. Om den som er erstatningspliktig ikkje betaler, vurderer vi vidare innkrevjing via samarbeidspartnarar i andre land.
Når får du erstatninga?
Den økonomiske situasjonen til den som skal betale erstatninga, påverkar kor raskt du får utbetalt pengane. Den som skal betale erstatninga må ha pengar igjen til livsopphald.
Samla utbetaling
Viss den som skuldar pengane betaler inn heile erstatningsbeløpet på ein gong, får du heile erstatningsbeløpet i ei samla utbetaling.
Utbetaling ved tvangsinnkrevjing
Om den som skal betale erstatning til deg ikkje betaler sjølv, kan vi tvangsinnkrevje beløpet. Vi kan til dømes trekkje i inntekter, eller ta pant i kontoar eller eigedom.
Om vi trekkjer i inntekta, få du utbetalt det beløpet vi trekkjer kvar månad. Om de er fleire fornærma i same erstatningssak, fordeler vi beløpet mellom dykk.
Vi kan ikkje betale deg på forskott
Før vi kan betale ut erstatningsbeløpet til deg, må vi krevje det inn frå personen som skuldar deg pengar.